17. mai i Bøfjorden:

Samling og bygdepris

Fest og fellesskap prega nasjonaldagen i Bøfjorden også i år.

Etter morgontoget med Surnadal Hornmusikk i spissen var det fullsett gymnsal på skulen, der Åsskard Bygdekvinnelag serverte frukost.

Ved Åsskard-kyrkja var det minnestund ved bautaen over soldat Gunnar P. Bøe. Varaordførar Helge Røv tala. Etterpå var det gudsteneste inne i kyrkja – leia av sokneprest Bernt Venås.

Bøfjordingane samlast så i grendahuset – der det var mat, konkurransar og leik fram til ettermiddagens fest. Denne vart leia av Ove Aage Grimsmo og sette først og fremst ungane i fokus. Skuleelevar og barnehagebarn sjarmerte med songar og dikt.

Sondre Bøe heldt ein god og korfatta tale for dagen – der han framheva verdien av å ta vare på den gode bygda bøfjordingane eig. Det store oppmøtet synte da også at Bøfjord-samfunnet er liv laga.

Kvar 17. mai i Bøfjorden knyter det seg stor spenning til kven som får tildelt historielagets såkalla «Trollbakkpris». Tanken med denne er – etter statuttane – «å påskjønne bøfjordingar for særleg innsats gjennom gode tiltak til nytte for Bøfjorden og folket der».

Prisen består i eit diplom og ei lita personleg gåve. Motivet på diplomet er frå Trollbakken på Bølandet. Det har tilsikta ein viss likskap med Kittelsen sitt bilete ”Soria Moria Slott” og kan symbolisere draum og lengsel mot eit mål som krev innsats for å bli nådd, som historielagets Gunnvald Bøe poengterte under utdelinga.

Prisen gjekk denne gong til to - Nora Vetleseter Bøe og Bodil Kvam Aasbø. Dei har kvar for seg og saman gjort stor innsats for kulturlivet i bygda, for lag og organisasjonar og ikkje minst for eit godt oppvekstmiljø – både gjennom kamp for lokalskulen og med barnearbeidet «Amigos».

Dundrande applaus frå forsamlinga understreka at juryen fekk stor støtte for å vald desse to til vinnarar av årets «Trollbakkpris».

Trh a 2016 05 17 Bøfj BARNEHAGE SKULE (690x363).jpg

Skuleelevar og barnehagebarn sjarmerte forsamlinga.

Trh b 2016 05 17 Bøfj PRIS a Gunnv Nora Bodil (690x627).jpg

 

Gunnvald Bøe i Bøfjorden Historielag overrekte «Trollbakkkprisen» til Bodil Kvam Aasbø og Nora Vetleseter Bøe (t.v.).

Trh c 2016 05 17 Bøfj SONDRE BØE_690x982.jpg

Sondre Bøe heldt tale for dagen.

 

Foto: Bernt G. Bøe