Onsdag
Onsdag Kraftig regn
Kraftig regn
Svak vind
Torsdag
Torsdag Regn
Regn
Lett bris
Aili Keskitalo (cr

Sametingspresident med Rindalsblod i årene

I det siste har sametingspresident Aili Keskitalo vore mykje framme i media på grunn av at ho var ein av få politikarar som valde å ta imot og møte Dalai Lama på hans Norgesbesøk. Men visste du at sametingspresidenten har Rindalsblod i årene?

For å finne Aili Keskitalo sitt opphav her i Rindal må vi tilbake til 1864 da

Ola Olsen Elshaug

vart fødd i Skreddarstuggu av foreldre Marit og Ola Olson Elshaug. Skreddarstuggu var ein liten heim som stod inntil gammelvegen som gjekk frå Landsem til Elshaug. I dag er det berre så vidt ein kan sjå tuftene etter denne heimen.

Ola reiste til Kautokeino, og gav seg til der. Kvifor og korleis han havna der, fortel historia ingen ting om. Men Ola Elshaug vart etter kvart lensmannsbetjent i Kautokeino og seinare lensmann i Sortland.

Ola vart gift og fekk 9 barn i ekteskapet. Men før han vart gift fekk han med Berit Nilsdatter Hætta dotra

 Ellen Hætta, fødd i 1921.

Ellen Hætta vart gift med Lauri Abel Keskitalo som innvandra med familien sin frå Finland i 1916. Han har mellom anna vore statskonsulent i samisk husflid, ordførar og lensmann i Kautokeino, medan Ellen dreiv bakeri på plassen.

 

Dei har barna:

1. Alf Isak, f. 1944, museumsstyrar og filosof

2. Jan Henry, f. 1946,rektor ved den samiske høgskolen i Kautokeino

3. Odd Torvald, f. 1949, kontorsjef ved rådmannens kontor i Kautokeino

4. Arvid, f. 1955 Rektor ved musikkskolen i Os i Østerdalen

5. Egil, f. 1961, musikar i Beaivvas Teahter og løytnant i heimevernet

Jan Henry Keskitalo er gift med Ellen Marit Guttorm, lærar og samisk lærebokforfattar

Barn:   

1. Aili f. 1968 -  sametingspresident           
2. Anja f. 1972
3. Katja Maria f. 1979

 

Noen rindalingar vil hugse Lena Keskitalo, som budde i Rindal ei tid. Ho er dotter til Odd Torvald Keskitalo, og er søskenbarn med sametingspresidenten.

 

Vil du lese om andre kjendisar som har rindalsblod i årene, klikk HER

 


 

 

Tips en venn Skriv ut