IMGP0070_690x460

Salmer til folket

Fredag kveld var det ein varm, fin salmekveld i Rindalskjerka. Organist Bjørn Vevang med Espen Selbæk, sang og orgel, hadde sett saman ein variert og sterk konsert med både solosong og allsong, orgel- og keyboardakkompagnement.

Idéen til salmekonserten utvikla seg etter ein annan konsert der dei oppdaga at begge hadde sans for salmearrangementa til Sigvart Dagsland og Iver Kleive. Med dei som forbilde, har dei laga programmet for denne salmekonsertturnéen på 5 – 6 konsertar, mellom anna til Molde Domkyrkje og Vår Frue kirke

IMGP0062_690x460.jpg
Kyrkja var fint lyssett for konserten.

Dei fleste arrangementa av songane stod Bjørn Vevang bak, sjølv om dei hadde hatt Kleive/Dagsland i tankane. Opningssongen, «Å hvor salig det skal blive» var solosong til eit arrangement av Bjarne Sløgedal, og det arrangementet var ikkje i utgangspunktet tenkt til solosong. Med Selbæks klare tenor og presise diksjon vart kvaliteten på konserten sett fast. Krafta i sisteverset med full styrke frå orgelet og all kraft frå solisten satt godt i kyrkjeskipet: «Ja, han kommer snart og henter sine hjem!»

Vi fekk høre «Blå salme» av Erik Bye, - den stod i stil med lyssettinga – også med eksemplarisk uttale.

Lage Wedins ønskekonsertgjengangar «Det er makt i de foldede hender» vart framført med inderleg innleving, tydeleg frasering og dynamisk variasjon.

Salmevalget for kvelden kunne tolkast inn imot slutten av kyrkjeåret/livet og mot eit nytt år/liv, som i nattverdsalmen «Nå dekkes bordet» - der det lyder: «at det er tid til å komme hjem» - «Og den som leter skal finne frem.»

Ved at både kyrkjeorgel og keyboard vart nytta, så vart det litt trim på begge artistane, for begge var opp og spela på kyrkjeorgelet. Fleire av desse «transportpausane» vart fylt ut av improvisasjon.

Den salmeglade forsamlinga fekk vere med på 4 av salmane.

IMGP0065_690x460.jpg

På den engelske salmen «Amazing Grace» fekk vi ekstrem dynamikk frå eintoneakkompagnement i starten til fullt orgel og falsett i siste verset. Elles var kanskje bruken av variert styrke i meste laget under konserten, men bodskapen kom fram!

Vi må også berømme karane for den godt balanserte lyden dei hadde fått til. Dei var sine eigne lydmenn, så her hadde dei førebudd seg godt. Bruken av trådlaus mikrofon gjorde at Selbæk kunne gå nedover midtgangen og synge om «Namnet Jesus» enda meir direkte til publikum.

Nær og vár var også framføringa av den nynorske omsetjinga av den svenske salmen «Langt bortom rømd som blånar», om barnebøn, med sistestrofa «- at til Guds eige hjarta den barnlege bøna når.»

IMGP0075_690x457.jpg

Salmen «Lov Jesu namn og herredom var den som hadde det mest leikande akkompagnementet frå fingrane til Bjørn Vevang. Herleg rytmisk!

Like frisk var også stilen og drivet i den irske salmen «Deg å få skode.»

Før alle song kveldssalmen «Den dag du gav oss, er til ende,» avslutta Espen Selbæk med «Se solens skjønne lys og prakt» til tone frå Rindal

IMGP0077-001_690x460.jpg