Picasa

Salmeboka minutt for minutt

200 kor og over 3000 songarar, dei fleste i og utafor Vår Frue kirke i Trondheim, song den nye salmeboka frå perm til perm denne helga. Nokre av desse var frå Rindal og Surnadal. Barnekoret Amigos hadde fleire innslag på søndag ettermiddag.

Amigos frå Bøfjorden, Bæverfjord og Åsskard song friskt og livleg frå utesena, sjå bildet ovafor.

Svært mange har hatt ei annleis TV-helg enn normalt. Salmesong som bakgrunnsmusikk er uvanleg i norske heimar med unntak av søndag formiddag. Denne helga opplevde mange, til si eiga forundring, at dei satt og såg på salmesong time etter time både fredagskvelden, laurdag og søndag! Sosiale media flaumer over av positive meldingar.

Trollheimsporten har nokre bildeglimt frå Trondheim. Foto: OleT.

Helge Gudmundsen (t.v.) hadde ideen til dette prosjektet og visste nok ikkje heilt kva han gav seg ut på. Vidar Kristensen var prosjektleder i Kirkerådet for den nye salmeboka og kjenner den ut og inn. Begge var strålande fornøgde med oppslutninga og gjennomføringa. Over 16 000 har vore innom Vår Frue kirke i helga, fortel Gudmundsen!

Intervju - på storskjerm_690x460.jpg (690×460)

Utafor Vår Frue kirke kunne folk følgje med programmet på storskjerm, og, som her, sjå intervju "live". Mange tilfeldige personar vart også intervjua.

Rindalingar ventar på at Amigos skal synge frå utesena før dei sjølve skal synge i lag med Sandvollan Songlag inne i kirka. Men før det skulle dei øve i Thora Storm skole like ved.

Inne i Vår Frue kirke stilte solistar og kor etter kor opp og song akkompagnert av det mektige kyrkjeorgelet,  eller det vare orgelpositivet, flygel eller band.

Sandvollan songlag og songarar frå Rindal menighet song tre songar i lag inne i Vår Frue kirke. (Over og under - foto: Sigurd Fagerholt.)

IMGP8292_690x457.jpg (690×457)

Hege Tøndel Jonli 2014-11-30 16.42.14_690x377.jpg (689×377)

Her var det rindalingar både framom og bakom kameraet! Fotograf i TV-teamet til NRK, Hege Tøndel Jonli, gav rindalingane positivt signal etter songen. Ho er eigentleg rindaling, og har arbeidd i Trollheimsporten! 

Vår Frue kirke 2014-11-30 16.41.24_690x378.jpg (690×378)

Songarane kunne late seg inspirere av ei fullsett kyrkje med publikum som også deltok i salmesongen.