fellesbilde 1

Ruskevêr og restriksjonar inga hindring for rosarussen

Verken snøfall eller koronarestriksjonar klarte å sette ein stoppar for den tradisjonelle rosarussedåpen ved Midtigrenda barnehage. Fredag fekk dei 14 eldste barnehageungane besøk av representantar frå Surnadalsrussen, i det som vart ein annleis, men populær seanse.

Ingressbilde: Thea Holten (t.v.) og Hanna Svinvik (t.h.), saman med rosarussane Enja (bak f.v.), Gvido, Tilla, Hajar, Oda, Harald, Luca (framme f.v.), Ane Othelie, Live, Annveig, Celine, Leon, Luca og Elion Matheo.

I Midtigrenda barnehage i Surnadal er det ein årleg tradisjon at dei eldste ungane, som skal over på skulen til hausten, vert takka av med ein såkalla "rosarussedåp". 

Arrangement planlagt og finansiert av foreldra sitt arbeidsutval (FAU) ved barnehagen, og der det i fjor var strålande sol og t-skjortevêr, var det i år snø og kald vind.

Det spelte slett inga rolle for rosarussen, for dei 14 ungane som fekk besøk av russepresident Hanna Svinvik og russekollega Thea Holten var tydeleg entusiastiske over å skulle få både russekort, rosa russehuve og diplom.

Både russekorta og -huva hadde vore isolert og i koronakarantene på førehand, og resten av dåpen var og prega av godt planlagte smitteverntiltak. FAU hadde brukt kjegler for å markere kvar den enkelte skulle stå, for å sikre tilstrekkeleg avstand, både mellom tilskodarane og frå tilskodarane og fram til sjølve dåpen. 

Inngangen til ballbingen, der russedåpen fann stad, var utstyrt med handsprit til alle som skulle inn. Det vart og, i tråd med gjeldande retningslinjer, ført opp kven som var til stades, og initiativtakar Marit Granhus Langli overleverte denne til einingsleiar Signe Lill Aasland med ein gong arrangementet var avslutta.

I fjor var russen sine spruteflasker fylt med konditorfarge og vatn, medan det i år naturlegvis var ein Anti-bac-sprut på hendene som stod på "menyen".

Russerepresentantane Svinvik og Holten tykte det var stas å få vere med på å gjennomføre rosarussedåp, men innrømmer at det ikkje var heilt slik dei hadde sett den for seg tidlegare i år.

– Vi såg for oss at det kom til å vere sol og finvêr, og at rosarussen kunne få besøk av fleire russ her enn det koronaen tillet no. Men dette gjekk og veldig bra, og vi ser det betyr mykje for ungane, seier Svinvik, medan Holten legg til:

– Ja, det hadde sjølvsagt vore artig å fylle parkeringsplassen her med russebilane våre, og spele høg musikk og skape litt meir liv for ungane. Det såg likevel ut som om dei koste seg, og det er det viktigaste.

 Og at ungane hadde det artig, var det liten tvil om. Einingsleiar Aasland tykkjer rosarussedåpen er eit flott arrangement, som er til stor glede for dei eldste ungane.

– Det har vorte ein flott tradisjon, og FAU har nok ein gong gjort ein kjempejobb. Det vart jo naturlegvis litt spesielt i år, men etter koronastandard tykkjer eg dette var eit veldig godt gjennomført arrangement, så vi er storfornøgde.
 

fellesbilde 2.jpg
Ein glad og stolt gjeng rosaruss, saman med raudruss Thea Holten (t.v.) og Hanna Svinvik (t.h.)

IMG_8673.jpg
Sjølv om det er midt i mai var kunstgrasdekket prega av snø, slaps og overvatn. FAU hadde på førehand brukt kjegler for å markere kvar folk skulle stå, for å vere sikre på at folk heldt tilstrekkeleg avstand. 

IMG_8675.jpg
Både Thea Holten og alle andre som skulle inn i ballbingen der dåpen gjekk føre seg, måtte først sprite hendene.

IMG_8677.jpg
Både einingsleiar Signe Lill Aasland (bak t.v.) og dei to russerepresentantane Hanna Svinvik (framme t.v.) og Thea Holten trur ungane hadde det artig på rosarussedåp.

IMG_8788.jpg
Det vart heldt god avstand frå føresette og andre tilskodarar fram til der sjølve dåpen gjekk føre seg. Her er det Leon som får diplom.

IMG_8685.jpg
Annveig har nettopp fått seg rosa russehuve, då er Antibac, diplom og russekort neste.

IMG_8732.jpg
Ane Othelie klar for rosaruss-dåp.

IMG_8721.jpg
Ein blid Harald i gang med rosarussedåpen.

IMG_8758.jpg
Her er det Celine som får russehuve, diplom, Antibac og russekort.

IMG_8814.jpg
Elion Matheo får ein dose Antibac av russepresident Hanna Svinvik.

IMG_8852.jpg
Initiativtakar Marit Granhus Langli frå FAU, rosaruss Ane Othelie (delvis skjult) og einingsleiar Signe Lill Aasland var alle fornøgde med arrangementet. Her har Langli nettopp levert oversikt over alle som var til stades til Aasland.