Heidi S›rensen mm

Rom for vasskraft og villaks i Surna

Torsdagens fagkonferanse med tittelen (Rom for) «Vasskraft og villaks i Surna» opna Norsk Laksefestival 2011 i Surnadal. Eit fagleg tungt innledarpanel delte kunnskapen sin med den interesserte forsamlinga. Ein hovudpost var overlevering av kravdokumentet i samband med vilkårsrevisjon for Trollheimsreguleringa. Les om det her.

Det var ei engasjert forsamling på rundt 80 personar som deltok aktivt med spørsmål og kommentarar etter foredraga. Svein

 

 

 

 

 


Sæter (forfattar, fiskar og lokalpatriot sto det i programmet) styrte samtalen godt så alle fekk sagt meininga si, sjølv om han måtte stramme inn litt på grunn av tida.

8 ordførarar frå ulike deler av landet deltok i konferansen, og deltakarlista viste at det ikkje var berre innleiarane som heldt høgt fagleg nivå.


 

Statssekretær Heidi Sørensen, Miljøverndepartementet var først ute av foredragshaldarane. Ho tok for seg dei forventningane miljøforvaltninga hadde til vilkårsrevisjonane og synkroniseringa med den nye vassforskriftaog forholdet til Eus vassdirektiv.


 

Norge har eit internasjonalt ansvar for laksen. 1/3 av den internasjonale laksen gyt hos oss. Dermed er vi ei stormakt og må ta ansvar. No er havbruk og beskatning største trusselen mot villaksen. Historisk sett var vassdragsregulering største trusselen mot villaksen. Regulering har att knekken på nokre laksevassdrag. No er det tid for revisjon av vilkåra for dei første vassdragsreguleringane, og over 300 vassdragsreguleringar skal etter kvart opp til revisjon. Og Surna er eit av desse vassdraga!


 

Statssekretær Sørensen la vekt på at dei vilkårsrevisjonane vi no står framom må bygge på kunnskapsbaserte statusrapportar og vassforvaltningsplanar laga etter same mal. Dette er det utarbeidd eit regelverk for. Du lese meir om dette under Vannportalen!


Ordførar John Ole Aspli, Rindal og Mons Otnes, Surnadal presenterte prosessen fram mot vilkårskrava for Trollheimsreguleringa for så å overlevere krava til NVE ved avd.dir. Rune Flatby.

Flatby orienterte deretter om arbeidet med denne og de mange andre revisjonane som ville komme. Minstevassføring var gjennomgåande det sterkaste miljøkravet i alle revisjonar av dei eldste vassdragsreguleringane.

Til slutt blir vilkårsrevisjonen avgjort av Kongen i Statsråd, noko konferanseledar Svein Sæter meinte var betryggende, så ivrig laksefiskar kongen er!


 

To av innlegga etter lunsj tok utgangspunkt i Altavassdraget. Alle hugsar striden omkring utbygginga av dette laksevassdraget, ein kamp som også hadde med samiske rettar å gjere.

 

 

 

 

 

 

 


 

Sjur Gammelsrud, (t.v.) Statkraft Energi skildra dei løysingane ein hadde komme fram til med nytt manøvreringsreglement for Altavassdraget. Det hadde virka sikrande på laksestammen i dette nasjonale laksevassdraget. Gjennomsnittsfangsten var no årleg rundt 15 tonn og ikkje mindre enn før utbygginga.

 

 

 

 

 


 

I Altavassdraget er Alta Laksefiskeri IS eigar av fiskeretten i heile elva frå gammalt av. (Sjå heimesida)  Selskapet har 220 medlemmer som alle må bu i Alta og hauste gras eller poteter. Selskapet hadde i fjor ei omsetning på 11 mill. Dagleg leiar av ALI, Ivar Leinan,(t.v.) konkluderte med at motparten, Statkraft, hadde endra seg i perioden frå utbygging til det nye manøvreringsreglementet dei no hadde komme fram til. No var det ikkje berre ingeniørar dei møtte, men også biologar og andre med naturfagleg bakgrunn. No fungerte samarbeidet godt, laksen, elveinteressene og fiskarane trivst i lag.

 

 

 



 

«Kunnskapsbasert planlegging, drift og forvaltning» var temaet til Torbjørn Forseth, forskningskoordinator ved Norsk institutt for naturforskning.

Han gjorde oss kjent med prosjektet EnviDORR, meir laks og meir kraft med miljødesigna vassdragsdrift. Idéen er å samle dei beste ekspertane frå lakseøkologi, hydrologi og forvaltninga for å lage modeller i datamaskiner ut frå faktainnsamling. Les meir om det her! Han tok med spesielle eksempel frå Surna og andre elver. Ein veit at uttak av varmare vatn om sommaren gir 10 – 30 % auke i smoltproduksjonen. Dette er teknisk muleg. I Surna kan ein ved å bygge eit kraftverk i Bjønnalia auke vassarealet i Rinna med auke i smoltproduksjon som resultat, men kostnaden kan reknast til 14 Gwh tapt kraftproduksjon. Det meinte forskaren var eit lite prosentvis tap.


 

Til slutt orienterte advokat Tine Larsen i Landssammenslutningen for vassdragskommunar om forventningane kraftkommunane hadde til vilkårsrevisjonane og om klaga LVK og miljøorganisasjonar har levert til ESA - EFTAs overvåkingsorgan. Dei meiner at det er i strid med Eus vassdirektiv at regjeringa ikkje fører inn miljøkrav for gamle vasskraftanlegg.

Ho meinte at det vil lønne seg for utbyggarane å rydde opp i gamle synder for å sikre lokal aksept for nye kraftutbyggingar. Som det var nemnt fleire gonger tidlegare på dagen, meinte også ho at det var uakseptabelt med den lange behandlingstida det hadde vore på dei vilkårsreguleringane som var i gang til no. Det må satsast mykje på å effektivisere og få unna desse.


 

No er krava for revisjonen av vilkåra for Trollheimsutbygginga innlevert, men ingen kan seie når den vert avgjort. Neste steg er at NVE ber konsesjonæren kommentere krava. Deretter avgjer NVE om vilkårsrevisjon skal settast i verk. NVE ber så konsesjonæren utarbeide eit revisjonsdokument som vert sendt på høring til dei som er partar.

NVE vurderer uttalane og avgir innstilling til Olje og energidepartementet (OED), eventuelt med framlegg til nye vilkår, og OED, eventuelt regjeringa, avgjer revisjonen. Ventetida på endeleg revisjon kan bli lang.