2018-11-11 13

Rindalsmessa

Den niande Rindalsmessa er open i dag søndag til kl.17.00. Arrangørane er svært godt fornøgde med besøket, og det var selgarar som selde meir på laurdag enn dei gjorde på begge dagane i fjor!

2018-11-11 13.11.40.jpg
Rindalsmessa har godt besøk på søndag også!
Det er fortsatt muleg å sikre seg vakre handverksting og eit godt måltid i Rindalshuset!

Sjå bildeglimt nedafor!

IMGP7305.JPG
På galleriet finn vi Laila Williams frå Øvre Surnadal med vakker kunst både på lerret og stein.

IMGP7306.JPG

IMGP7311.JPG
Strikkegalskap! Elisabeth Osen er på gamle trakter og reklamerer her for møbelserien StrikkegalSkap som fabrikken Ole N.Negård har utvikla og produserer.

IMGP7321.JPG
Noko godt i munne kan du skaffe deg fleire plassar i Rindalshuset. Her er det Gunhild Anne Hyldbakk og Laila Haugen frå Myllårommet, Kvenna, som sel ein god pose.

IMGP7331.JPG
Ei ny rindalsbedrift dukkar opp på denne utstillinga, Leif Solheims eftf. Det er Leif Magne Røen som har tatt opp produksjonen av bestefaren sine mønsterbeskytta hagemøblar og kjelker i miljøvennleg furu og bjørk frå Norge. Besøk han og Alyona på standen i Rindalshuset og prøvesitt stolane!

IMGP7333.JPG
Vil du ha noko heilsprøtt, så kjøper du heimbaka flatbrød frå Vigdis Kvam og Stine Kvam Hansen.

IMGP7323.JPG
Inga juleutstilling utan nissar! Det sørger Rita Meås frå Hoston for!

IMGP7334.JPG
I Surnadal finn vi Go'klompen med Hege Andersen. Ho lagar viser puter dekorert med bilde, panneband og liknande dekorert med gau tekst. Ho lagar også på bestilling av tekst eller bilde som du leverer til henne.

IMGP7335.JPG

IMGP7337.JPG