2019-11-09 12

Rindalsmessa har suksessprodukt

Folk strømma til Rindalsmessa i Rindalshuset, Rindal sentrum på laurdag, og på bildet ser vi at det vart fullt ved borda og hos selgarane utpå dagen. Søndag opna messa kl.12.00.

IMGP2077.JPG
Med 1000 lefser i frysarane så rekk det nok ei stund, men både 500 og 1000 kronersetlane flagra inn i kassa!

2019-11-09 10.21.40.jpg
I vestibylen på Rindalshuset møter vi utstillinga til Dialektplakat. Etter innslaget i Dagsrevyen fredag kveld, kan Gøran Bolme fortelle at dei har motteke bestillingar for over 35 000 kroner!

Bokhari i Oslo, som sel dialekt-bærenett, melder også om god respons etter innslaget i Dagsrevyen.

2019-11-09 10.19.55.jpg
Det var ein roleg start for damene bak den velfylte matdisken, men der blir det nok folksomt utover dagen.Stolane ved borda vi ser bak disken til Gardsbakeriet Hæmstelt nedafor, blir nok fylt av folk som diskuterer dei gode innkjøpa dei har gjort!

2019-11-09 10.19.05.jpg
Sjølvsagt må du ha med deg noko Hæmstelt heim! 

IMGP2075.JPG
Britt Grete Moen stiller naturligvis med den nye Furkunnjmatboka si som har tilleggtittel Naturligvis.

IMGP2078.JPG
Den nye Trollheimsgenseren som Marthe Helgetun har designa, kan du kjøpe deg garn til på Rindalsmessa. Gøran Bolme har Trollheimsgenseren i ein annan farge på eit bilde lenger oppe.

2019-11-09 10.05.15.jpg

Rindalsmessa er open til kl.17.00 lørdag, og frå kl. 12.00 til 17.00 søndag, og du finn sikkert mykje interessant både til deg sjølv og til gaver her!

Sjå også omtalen tidlegare på Trollheimsporten!