dialekta

Dialektmagasinet på Trollheimsporten

Rindalsmålet - Arne Aune 3

Dette er tredje artikkel om Rindalsmålet, som Arne Aune hadde i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. Denne er frå 1988 og gamle ord som held på og kjem bort frå målet vårt blir trekt fram. Framandord, engelske lånord og bokmålsord har kome meir og meir  inn i talemålet vårt. Kos dere med orda og ha ei god fornøyelse:

Det var onkelen til Arne, Olaf Aune som starta med å skrive ned gamle ord frå Rindalsmålet. Dette var ord som helst meir eller mindre var borte frå daglegtalen. Arne Aune tok seinare over dette arbeidet, eit arbeid ein eigentleg aldri blir ferdig med.

Alle veit at vi får meir og meir framandord, engelske lånord og bokmålsord inn i talemålet vårt. Her er det nok å minne om dei i nynorsksamanheng så mykje omtala -het, be- og -else orda. Mange av desse har alt grodd fast i talemålet vårt for lenge sidan. Dei er komne for å bli, skriv Arne Aune - sjå nedafor.

Desse artiklane frå Arne Aune vart første gong presentert i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. Dei er medlemmer av Trollheimsporten: Bli medlem! Denne artikkelen stod i årsskriftet for 1988.

Dialektmagasinet på Trollheimsporten er omfattande og du finn mange artiklar her på Dialekt under Hovedsida. Surnadal Heimbygdlag har eit prosjekt om surnadalsmålet i gang på heimesidene til Surnadal kommune - klikk på linken.

Klikk på bildene nedafor dette første bildet og sjå teksta større og i serie:

 

AA3B_1024x1535
AA3C_1024x1552
AA3D_1024x1568