dialekta

Dialektmagasinet på Trollheimsporten

Rindalsmålet - Arne Aune 1

I 1986 innleia Arne Aune sin artikkelserie om rindalsmålet. Den fortsatte i flleire år i årsskriftet til Rindal Heimbygdlag. Det var mange interessante og gamle rindalsord som vart presentert med tydingar. Trollheimsporten har fått lov til å gje att denne artikkelserien, noko som passar svært godt i vårt dialektmagasin - Dialekt.

Du finn alt dialektstoffet på Trollheimsporten ved å klikke på linken Dialekt under Hovedsida. Start nedafrå med dei første artiklane. Surnadal Heimbygdlag har eit prosjekt på gang med Svein Hatle i spissen. Det finn du alt om her på heimesidene til kommunen - ordliste over surnadalsmålet.

Det var onkelen til Arne, Olaf Aune, som starta med å skrive ned gamle ord og uttrykk frå rindalsmålet. Dette var helst ord som meir eller mindre var borte frå daglegtalen. Arne tok seinare over dette arbeidet, eit arbeid ein eigentleg aldri blir ferdig med. i 1986 skreiv Arne om målmerke, korleis talemålet endrar seg, litt om ord og ordtyding og om ordsamling og skrivemåte. Ein finn og innlegg i den målpolitiske debatten i det Arne her skriv. Rindal Heimbygdlag er medlemmer av Trollheimsporten - bli medlem!

Klikk på bilda nedanfor og sjå teksta større. Trollheimsporten håpar dette vil vera av stor interesse blant lesarane. Har du kommentarar eller spørsmål - kan du sende det til redaktor@trollheimsporten.no. Trollheimsporten kjem attende til andre del av Rindalsmålet av Arne Aune om ikkje så lang tid - følg med!

 

Aune1_1024x1506
Aune2_1024x1533
Aune3_1024x1632
Aune4_1024x1580
Aune5_1024x1578
Aune6_1024x1552
Aune7_1024x1594
Aune8_1024x1612