atle grønn privat foto

Rindalsklanen

Vekeavisa «Dag og Tid» har ei fast sjakkspalte der Atle Grønn (bildet) skriv om alt mogleg frå sjakken si verd. Fellesnemnaren er at det dreier seg om aktørar med ein sterk lidenskap for spelet. I fredagens avis kunne vi lese om "Rindalsklanen" med Alfred Karlstrøm i spissen. 

Atle Grønn er mellom anna kjent som ekspertkommentator på TV, og er internasjonal meister i sjakk. Han skriv følgjande i fredagens sjakkspalte i Dag og Tid: 

Rindal er porten til Trollheimen. I alle år var kommunen med om lag 2000 innbyggjarar ein del av Møre og Romsdal fylke, men frå 1. januar 2019 melde ein overgang til Trøndelag. Kommunen har eit skimuseum (Sigurd Røen vart verdsmeister i kombinert og stafett i 1937) – og i 2005 vart Rindal kåra til Noregs beste kommune å bu i.

Men vi skal attende til 1930-åra då Michael Aune skipa eit miljø med sentrale namn som Ragnvald Rindøien, John Grytbakk og Alfred Karlstrøm. Seinare kom òg Fredrik Brønstad og Arne Karlstrøm (son av Alfred), Arne Rindalsholt og Peder Rindal. Kva gjorde desse karane i den vesle Møre-bygda? Dei komponerte. Dei gjorde det mange sjakkspelarar tykkjer er ganske sært, dei spela nemleg ikkje sjakk, men dei konstruerte sjakkproblem.

Det gjekk mest i to-trekkarar (kvit set matt i to trekk), der karane vart premierte internasjonalt. Den fremste var transportarbeidaren Alfred Karlstrøm, framleis rekna som den mest fantasirike problemisten i norsk sjakkhistorie. Han fann, saman med ein ungarar, eit nytt motiv i problemsjakken som er kjent som «Karlstrøm-Fleck-temaet». David Hjelle, problemguruen frå Volda som seinare hadde ei spalte i Dag og Tid, publiserte fleire av problema til Karlstrøm i Nynorsk vekeblad.

Det meste som Rindalsklanen produserte, er altfor avansert for oss (Nynorsk Vekeblad gjekk inn i 1954, og vi vil ikkje risikera noko liknande). Men Alfred Karlstrøm moroa seg òg med å laga tulleoppgåver i sjangeren «fantasisjakk». Ei slik ei kan eg syna fram. Karlstrøm var lenge den einaste i Noreg som dreiv med slikt. I 1939 kom han på prent i «Fairy Chess Review».

Karlstrøm, som døydde i 1966, var òg ein kompetent amatørornitolog som samla over 700 fugleegg. Den unike samlinga er overført til Vitenskapsmuseet i Trondheim.

karlstrøm sjakkbrett.jpg

Fantasisjakk.Svart trugar å slå det kvite tårnet i sentrum med kongen, men kan kvit i trekket vinna partiet? Det morosame er at kvit har 26 lovlege trekk, men alle fører til patt og remis!

Av Atle Grønn, internasjonal meister i sjakk.
Ingressfoto: Privat

Willy Karlstrøm laga ei fin sak om Rindalsklanen på Trollheimsporten i 2013. Den kan du lese her. 

alfred karlstrøm fuglereir foto leif bjørnstad_690x543.jpg
Alfred Karlstrøm i sitt rette element. Foto: Leif Bjørnstad