Tirsdag
Tirsdag Skyet
Skyet
Lett bris
Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Laber bris
Marie[1]

Rindalingen Marie Hamsun

I serien "Kjendisar med rindalsblod i årene", presenterer vi i dag Marie Hamsun, gift med forfattar og Nobelprisvinnar Knut Hamsun. Marie Hamsun var sjølv forfattar, og mor hennar var fødd og voks opp her i Rindalen, nærare bestemt i Romundstadbygda.

 

Da skal vi til Utistua Yttgarden i Romundstadbygda. Husa på denne garden er borte, men låna som stod her skal ha vore den lengste stuggubygninga i Romundstadbygda.
Her tok Sverke Jonson, gift med Ingeborg Andersdotter frå Austistu Haugen over garden etter far sin i 1827

Paret hadde 3 barn

John f. 1841
Brit f. 1842
Anders f. 1844

Sverke Jonson dydde i 1848 og Ingeborg Andersdotter gifta seg opp att med Lars Olson Romundstad fra Oppistua Indre

 

Besteforeldra til Marie:

Lars Olson Romundstad og Ingeborg Andersdotter hadde sju born

Sigrid, f. 1850, gift med Ola Jonson IngebrigtsliGjertrud Larsdtr. Romundstad, f. 1858, i utistua Yttgarden. G.m. kjøpmann Carl Andersen. Dei var foreldre til Marie Hamsun.
Jon f 1851 
Sverke, f. 1853, gift med Maren Boksasp frå Straumsnes. Sverke var lærar og klokkar i Straumsnes
Gjertud f. 1853, døydde ung
Gjertrud f. 1858
Ola f. 1961, utvandra til Amerika
Ingeborg f. 1865. Ho dreiv kafe på Hamar.

 

Foreldra til Marie:

Gjertrud Larsdatter Romundstad (bildet til høgre) gjekk seminar på Elverum og utdana seg til lærarinne. Ho vart gift med
kjøpmann Carl Andersen.

Gjertrud og Carl Andersen hadde barna:
Astrid
Ingeborg
Sigrid
Marie
Brit
Fritjof
Ole
Johan

 

Marie Andersen vart som kjent gift med forfattar Knut Hamsun. I  biografien om diktaren skriv Ingar Sletten Kolloen at mor Gjertrud vart lite begeistra da dotra sitt forhold til Hamsun vart kjent. Ikkje berre var han mykje eldre enn henne, han hadde vore gift før, og hadde dessutan rykte på seg for å vere litt av ein "kvinnfolk-kar".
"Hamsun skal du gi fanden i!" skal ho ha sagt.


Men trass i åtvaringa vart Marie og Knut Hamsun gift, noko ho sikkert angra på mange gonger, for nokon lett ektemann og far å dele hus med var diktarhøvdingen diverre ikkje.

 

I 1939 var Marie og Knut Hamsun på biltur til Nord-Møre og Rindal. Marie ville besøke bygda der mora voks opp. Ein kjentmann var med og viste henne tuftene der garden hadde vore. Alle hus var no borte. Den siste eigaren hadde kome i økonomiska vanskar og garden vart sett til auksjons. Garden vart oppdelt og alle hus vart selde, tekne ned og flytta.

 

Marie spurde kjentmannen kvifor det ikkje var hus att på plassen.
"Nei, dem rauk no opp," svara omvisaren.
Når Marie Hamsun sidan fortel om denne turen i ei av bøkene sine, skriv ho om besøket på heimgarden til mora og at "alt hadde gått opp i røyk under en brann".

 

Marie Hamsun har skrive bøkene "Bygdebarn", "Regnbuen" og "Under gullregnen"

Marie og Knut Hamsun i 1930

                                                                                                                                                            Anne S.

 

 

 

 

Tips en venn Skriv ut