Kai Fjell 3_400x403

Rindalingen Kai Fjell

For å finne opphavet til morsslekta til Kai Fjell må vi til Utistu Yttgarden i Romundstadbygda. I 1840 gifter Sverke Jonson Romundstad seg med Ingeborg Andersdotter Haugen frå Austistu Haugen. Dei fekk 3 barn. Da Sverke døydde i 1848 gifta Ingeborg seg opp att med Lars Olson Romundstad frå Oppistua Indre.


Ingeborg Andersdotter og Lars Olson Romundstad hadde sju born:


1 Sigrid f. 1850 g.m. Ola Jonson Ingebrigtsli som tok over Ingebrigtslia
2. Jon f. 1851
3. Sverke f. 1853 g.m Maren Boksasp frå Straumsnes, der Sverke var lærar og klokkar
4. Gjertrud f. 1854, død ung
5. Gjertrud f. 1858, lærarinne
6. Ola f. 1861, utvandra til Amerika
7. Ingeborg f. 1865. Etablerte kafè på Hamar


Gjertrud Larsdotter Romundstad gjekk seminar på Elverum og utdanna seg til lærarinne. Ho vart gift med kjøpmann Carl Andersen. Dei budde på Elverum, men flytta sidan til Nittedal.


Gjertrud og Carl Andersen hadde åtte barn:


Astrid
Ingeborg
Sigrid
Marie g.m forfattaren Knut Hamsun
Brit
Fritjof
Ole
Johan


Astrid Andersen vart gift med Conrad Bendik Fjell


Dei var foreldra til kunstnaren Kai Fjell (1907-1989)


Kai Fjell vart fødd i Skoger ved Drammen, men familien kjøpte sidan eit gardsbruk ved Elverum, der Kai Fjell var odelsgut, og skulle ta over garden. Han viste tidleg særlege evner for tegning og måling, og i ungdommen stakk han av til Oslo og studerte ved Statens Håndverk- og Kunstindustriskole og seinare ved Kunstakademiet. 30 år gammal fekk han gjennombrotet sitt etter ei utstilling i Kunstnernes hus i 1937.


Kai Fjell er ein av våre fremste målarar, kanskje spesielt kjend for vakre måleri med kvinner og barn. Og kunsten hans er framleis etterspurd. I 2006 vart målarstykket ”Rugende måke”(under til venstre) seld på auksjon i Oslo for 2,7 millionar og ”To generasjonar”( til høgre) til 1 million.


Les meir om Kai Fjell her