Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
Joachim Walltin

- nok en kjendis med rindalsblod i årene

Rindalingen Joachim Walltin

Joachim Walltin sitt namn har vore mykje framme i alle media den siste tida. Joachim Walltin er leiar i NISO (Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon) og har vore fotballspelarane sin forhandlingsleiar mot NHO i den mykje omtala fotballstreiken som vart avblåst søndag kveld etter tre dagar med forhandlingar. Å si at Walltin er rindaling, vil vere å ta for hardt i, men han har i alle fall sterke røter til Rindal.

 

For å forklare Joachim Walltin si tilknyting til Rindal må vi tilbake til 1960-åra. Da kom besteforeldra til Joachim, Gerda og Johan Walltin flyttande til Rindal og busette seg her. 

Gerda og Johan Walltin hadde fire born:

Odd Jarle, f. 1951

Britt Mari, f. 1955

Geir, f. 1959

Rune Morten f. 1966

Av desse fire søskena er det berre Rune Morten som framleis bur i Rindal

Britt Mari er gift med Geir Johansen og bur i Trondheim. Dei har sonen Kevin f. 1985,
men frå eit tidlegare sambuarforhold har Britt Mari sonen

Joachim f. 1974

 

Joachim Walltin voks opp i Trondheim, der han spelte  for Kolstad og Strindheim.

Joachim Walltin har ein lang karriere som fotballspelar bak seg.

Frå 1995-2000 spelte han på Vålerenga.
Frå 2001-2003 spelte han på Brann, før han gjekk over til Moss i 2004 og seinare til Tromsø i 2005.


Walltin er utdana siviløkonom og er no, som før nemnt, leiar for idressutøvarane sitt fagforbund, NISO

Tips en venn Skriv ut