Tirsdag
Tirsdag Skyet
Skyet
Lett bris
Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Laber bris
Britt Elisabet jpg

Rindalingen Brit Elisabeth Haagensli

Trollheimsporten har også tidlegare skrive om fleire kjendisar som har rindalsblod i årene. I dag er turen komen til skodespelar Brit Elisabeth Haagensli. At ho har etternamnet sitt frå Rindal, nærare bestemt frå Håkonslia, eller Håkkåslia i dagleg tale, det visste du kanskje ikkje. Her er historia:

Tipp-tipp-tippoldefar:

I 1831 fekk Jon Ingebrigtson Nyhus frå Orkdal skjøte på garden Håkonslia i Rindal.

Anders og Guru Haagensli
  Anders og Guro Hågensli

Tippoldeforeldre:

Anders Jonson Hågensli tok over garden etter far sin. Han var gift med Guro Olsdotter Jåmo frå Orkdal. Anders Jonson selde Håkonslia i 1881 og kjøpte garden Bruråk på Strinda utanfor Trondheim. Familien flytta sidan til garden Frøset.

Anders og Guro  hadde 12 barn. Av desse voks berre 4 opp.
Ein av sønene var
Fredrik f. 1856.

Oldeforeldre:
Fredrik Anderson Haagensli var gift med Ingeborg Nikoline Olsdotter Snustad frå Malvik.

Fredrik og Ingeborg hadde 7 barn. Ein av dei var sonen Fredrik Yngvar f. 1888
.

Besteforeldre:
Fredrik Yngvar Haagensli var gift med Hilma Antonie Sundt frå Melhus
Dei hadde 3 barn. Av dei sonen Ingvar Fredrik f. 1920 i Oslo

Foreldre:
Ingvar Fredrik Haagensli var gift med Aasta Therese Bang frå Arendal.

 

Paret har tre barn: 

Brit Elisabet Haagensli f. 1953 
Fredrik f. 1955
Erik f. 1962

 

Før var det gjerne vanleg å skifte etternamn når ein flytta og ta namn etter den nye garden ein kom til.
Som vi ser har Haagenslinamnet følgt med denne familien heile vegen frå Rindal via Strinda ved Trondheim til Oslo.
Her i Rindal er det ingen som har Håkonsli som etternamn i dag.

 

Anne S. - med god hjelp til slektsgransking av Ragnhild Stavne Bolme

Tips en venn Skriv ut