Anna Marie Skjølsvold, f. 20. sept 1880. Her 16 år

Rindalingen Anna Marie Falkberget

Trollheimsporten har hatt ein serie gåande som vi har kalla "Kjendisar med rindalsblod i årene". Desse artiklane har vi no samla under sida "Rindalskjendisar" under menyen På porten. Der kan du finne både avdøde og nolevande kjende personar med slektsrøter til Rindal. I dag er turen komen til Anna Marie Falkberget, fødd Skjølsvold, gift med forfattar Johan Falkberget


Far til Anna Marie Falkberget f. Skjølsvold var Ole Jonson Skjølsvold, fødd i 1849 i Oppistu  Skjølsvold. (Gards- og ættesoge for Rindal, bind IV, side 127)

Petronille (37 Ã¥r) og Ole J. Skjølsvold (50Ã¥r) i 1899Bygginga av Rørosbanen i 1870-åra trekte mange unge menn til Rorosdistriktet, og ein av desse var Ole J. Skjølsvold. Det var steinmuring som var hans spesialfelt. Ole kom etter kvart i kontakt med den unge Petronille Tyvold. Dei vart gift i 1879, og hadde da alt fått ein son. Petronille var enda ikkje fylt 17 år, medan Ole nærma seg 30.


Etter at byggearbeidet på Rørosbanen tok slutt, flytta paret til Trondheim, der Ole var underformann ved "Nidelven bro". Der vart Anna Marie fødd i 1880 som nummer to i søskenflokken. Etter åtte år i Trondheim flytta familien heim att og kjøpte ein setervoll på Håmmålvoll i Østerdalen, der dei bygde seg ein heim, og der vart dei verande sidan. Denne heimen kalla dei Skjølsvold.
Paret fekk etter kvart 16 barn. 13 av desse voks opp, så Petronille og Ole har ei stor og talrik slekt etter seg.

 

På bildet til høgre er Petronille 37 år og har fødd 12 barn. Ole er 50 år.

 

 


Anna Marie Skjølsvold, f. 20. sept 1880. Her 16 Ã¥rDen vakre Anna Marie Skjølsvold, som på bildet er 16 år, trefte i ungdommen han "Johan tu Dala". Dei vart gift i 1899, men dette var ikkje problemfritt. Johan Falkberget var einebarn, og mora ville slett ikkje godta at ei ny kvinne kom inn i sonen sitt liv, og nekta plent å kome i bryllaupet til sonen. Men Johan stod på sitt, og gift vart dei, men frå Johan si slekt var det berre eit søskenbarn som var til stades i bryllaupet.

 

 

 

På denne tida var Johan Falkberget handelsbetjent hos far sin, som dreiv butikk på Kongens gruve. Forretninga gjekk dårleg, og det enda med konkurs i 1905. Anna hadde også nokre vanskelege år da ho måtte bu på Falkberget i lag med den tverre svigermor si.

 

 
Anna Marie og Johan Falkberget 1899

  

 

Ei tid budde familien i Kristiania. Dei hadde no fått 3 barn. Der likte Anna seg godt, vart kjent med mange nye folk og fekk oppleve myke, men også sorg, da dotra Oddbjørg vart sjuk og døde. Etter at foreldra til Johan døde, flytta familien tilbake til Falkberget. Paret tok etter kvart til med å bygge opp fjellgarden Ratvollen,  der sidan vart buande. Dit var det i byrjinga veglaust og husa var små og uisolerte, og arbeid både i hus og fjøs tungvint.


Trass i at ektemannen etter kvart vart ein kjend forfattar, gav ikkje skrivinga dei store inntektene. Livet som forfattarkone var langt ifrå noko luksusliv. Anna var eit arbeidsjarn og levde som småbrukarkoner flest, med arbeid ute og inne, i hus og fjøs, men tok seg òg gjestfritt av mannens mange forfattarvener som kom på besøk.


Anna og Johan Falkberget fekk to barn som voks opp, dotra Aasta, som har skrive boka "Far og mor i unge år", og sonen Magnus som var skodespelar.

 


Anna Falkberget døydde i 1960

 

 

 

 

 

 

Bildet under: Garden Skjølsvold som Ole Jonson Skjølsvold bygde opp på Håmmålvoll.
For sin innsts som nydyrkar fekk Ole Jonson Skjølsvold i 1903 "Diplom med premie" av den Kongelige Norske Regjerings Landbruksdepartement for oppdyrking og "fortrinlig drift av hans jordbrug".

  

Garden Skjølsvold som Ole.J. Skjølsvold bygde opp