Randi Haugland

Rindalingar i Bergmannsteateret

Vi er tri rindalinger som er med i Bergmannsteatret si forestilling "Den gyldne regel" som blir framført 8 august og vidare den 9- 10-13-15 og 17 august på Løkken Verk. Vi som er med er Randi Haugland, Karen Haugland Gåsvand og Magnar Almberg.
 
Vi sender over nokre bilder fra øvingane som har vore før premieren som er på fredag den 8 august.
 
"Den gyldne regel" er eit historisk spel frå gruvesamfunnet Løkken Verk i åra 1913 til 1919. Desse åra var vanskelige år for gruva fordi første verdenskrig blokkerte havet slik at dei ikkje fekk selt kisen. Dette førte til streikar, oppseiingar og vanskelege forhold for arbeidarane. Ikkje minst syner det den store forskjellen det var mellom arbeidarane og funksjonærane, det var ein avstand så stor at ein knapt kan tru det i dag.
 
Manus og regi for stykket er av Ulrik Svalsten. Han er fast tilsett ved den svenske Teaterskolen. Ulrik har vore med å sett opp stykker for Bergmannsteatret fleire gonger, første gong i 1995. Ulrik Svalsten er oppvokst i gruvesamfunnet Bergslagen i Sverige, og slik har han god kjennskap til korleis livet i eit gruvesamfunn var, samtidig som at han har sett seg veldig godt inn i historia til gruvesamfunnet Løkken verk.

Heile stykket er lagt så nær opp til den virkelege historia som muleg, Fleire namn og historier i stykket er frå virkeligheta. Det var svært mange rindalingar som reiste til Løkken for å få seg arbeide denne tida. Det seiest at rindalingane var ettertrakta arbeidskraft på Løkken fordi dei var arbeidsame og til å lite på.

I denne samanheng kan det nemnast at tippoldefaren til Karen Haugland Gåsvand, Einar Jonson Nergård frå Kirkholtbakkå, arbeide på Løkkengruva sist på 1920 talet. Han gjekk heim  til Romundstadbygda kvar helg, og attende att til Løkken på sundagskvelden.
 
Magnar Almberg

den gyldne regel 1_690x518.jpg

dgr 2_690x518.jpg

dgr 3_690x540.jpg

dgr 4_690x518.jpg

dgr 5.jpg

dgr 6_690x475.jpg

dgr 7_690x496.jpg

Foto: Randi Haugland