Fredag
Fredag Skyet
11°
Skyet
Frisk bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
20170223-_DSC7930_690x461

Rindaling til toppstilling

Bodil Børset fra Rindal er tilsett som ledar for Kreativt Norge, eit heilt nytt kontor som Kulturrådet bygger opp i Trondheim. Ho er no direktør for Hamsunsenteret i Hamarøy.

Ho har vore direktør for Hamsunsenteret i 8 år og leda oppbygginga av det. No fann ho altså tida inne til å prøve noko nytt.

På nettsida til Hamsunsenteret skriv ho at det var vanskeleg å velge bort jobben på Hamsunsenteret, som ho karakteriserer som verdens beste jobb.

- Etter åtte år trur eg likevel tida er moden, både for Hamsunsenteret og meg som ledar, at eg overlet roret til nokon andre og søker nye utfordringar. Eg er takksam og audmjuk for den tilliten som eg har hatt, og håper eg har klart å utføre oppdraget på ein god måte, seier Børset til nettsida for Hamsunsenteret.

Bodil Børset gler seg no til å vere med på å bygge opp dette nye kontoret til Kulturrådet. Ho har med seg erfaringa ho fekk under oppbygginga av Hamsunsenteret inn i arbeidet med å bygge opp det nye kulturkontoret i Trondheim.

Les om Kreativt Norge på Kulturrådets nettside!

Det hører også med til historia at ektemannen, Knut W. Rist, har fått jobb i Rindal kommune.

- Det betyr at vi vil busette oss i Rindal og sende barna våre på barnehage i Rindal, seier dei til Trollheimsporten.

FullSizeRender_690x518.jpg

Tips en venn Skriv ut