Båt døpt

Meir om skipsdåpen:

Rindaling døypte båt!

Rindalingar blir vel ikkje først og fremst forbundne med store båtar, men da subseaskipet Olympic Boa vart døypt i Ulsteinvik laurdag, var ein utflytta rindaling og skogbygg, Iren Bjerkan, gudmor. Foto: Kleven Maritime

Grunnen til at Iren fekk dette oppdraget, er at mannen hennar, Helge Rørås, arbeider for BOA. Familien bur i USA. Gudmor Iren måtte smelle champagneflaska i båtsida tre gonger før flaska gjekk i knas, men det skal visstnok berre bringe hell for skipet. Gudmora hadde også opprinneleg tenkt å låne Rindalsbunad av ein slektning i Rindal til dette oppdraget, men den passa dessverre ikkje.

Denne skipsdåpen, eller i allefall skipet, har ein annan rindalstilknytning også. Olav Foseide, son til Per Olav Foseide i Halsa, skal vere med skipet som skipselektikar ut i Nordsjøen og over til Mexicogulfen. Han var inspektør på vegne av rederiet under bygginga av skipet. 


Så må vi ta med at Bøfjorden Sag har levert tredekket, slitedekket, til denne og fleire av offshoreskipa til skipsverft på Sunnmøre.
 

Du kan lese meir om båten og dåpen her i Sunnmørsposten

 

Vikebladet Vestposten har stor bildeserie av både båten og gudmora