Tirsdag
Tirsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
IMGP6550

Rindal - snart i Trøndelag

Dagens kommunestyremøte i Rindal var kort. I tillegg til budsjettregulering, var det vassforsyning i Øverbygda som tok tid, og Rindal i Trøndelag er berre eitt av 9 punkt i den reviderte samfunnsplanen for Rindal kommune som kommunestyret vedtok å legge ut til ettersyn i dag.

IMGP6547.JPG

Spørretime

Først var det eitt spørsmål i den opne spørretimen: Bettina Røen Helgetun spurte om det var bestemt endra bruk av gymsalane ved barnehagane i Øvre Rindal og Bolme. Ordførar Ola T. Heggem svarte at det no var stopp på utleige til private på grunn av ekstraarbeid med rydding, og at det er dårleg tilpassa låsesystem. Kommunen ønsker heller ikkje å konkurrere med private utleigarar.

Budsjettregulering

Denne saka var utsett frå juni-møtet. Det kom fram at ein må rekne med meir påplussing på budsjettet i løpet av året. Mellom anna må ein installere trappeheis i kommunehuset no, slik at vi får eit lovleg bygg, sa ordføraren.

Rådmannen forklarte at Helse- og omsorg lett møter uforutsette utfordringar i samband med at mykje er lovpålagt.

Elles fekk NAV ros for å vere dyktige til å nytte statlege støtteordningar før dei bruka dei kommunale midlar til kvalifiseringsprogrammet.

Budsjettreguleringa med fullmakt til Rådmannen til låneopptak vart vedtatt.

Renovasjonsforskrift

Ny renovasjonsforskrift frå HAMOS vart vedtatt med tilpasning slik at den blir lik i alle samarbeidskommunane, slik Rindals styremedlem Odd Geir Rønningsbakk sa, samtidig som han rosa den greie framstillinga i forskrifta.

 

IMGP6554.JPG
Nils Heggem

Vassforsyning

Etter å ha vore oppe i kommunestyret i juni, har spørsmålet om å utvide den kommunale vassforsyninga til Lomunddalen, i første omgang til Lomunda boligfelt og til Møkkelgardsgrenda vore oppe i eit grendamøte, og aktuelle fastbuande og er hytteeigarar kontakta gjennom ei undersøking.

Enhetsledar på teknisk, Nils Heggem, orienterte om arbeidet og sa at dei ønska oppstart i haust med barfrost, men det er veravhengig.

Den nye vassledningen vil gå frå Tisetgrenda med elvekryssing til Liagrenda og vidare til Møkkelgardsgrenda som første trinn.

Det vart også opplyst at Rindal har fått 1 mill. i støtte til breibandutbygging i samband med legging av nye vassledningar. Desse pengane skal gå til utbygging av fiber. Gravearbeidet bir godkjent som kommunal eigenandel.

Kommunestyret vedtok å sette av 2 100 000 kr til utbygging av hovudvassledning og høgdebasseng til Lomunda boligfelt og Møkkelgardsgrenda. Rådmannen fekk fullmakt til å ta opp nødvendig lån etter økonomireglementet.

IMGP6555.JPG
Leif Conradi Skorem

Kommuneplanen

Revisjon av samfunnsdelen i kommuneplana for Rindal kommune vart presentert av Leif Conradi Skorem frå Plankontoret på Berkåk. Han forklarte at folkehelseperspektivet var styrka under revisjonen i samarbeid med folkehelsearbeidet.

Sidan siste revisjon har Rindal kommune vedtatt å fortsette og stå som eigen kommune, og Rindal har fått godkjent søknad om overflytting til Trøndelag fylke. Dette er det eige punkt om.

Plana er redigert i 9 punkt:

1. Folketalsutvikling
2. Barn og unge
3. Folkehelse
4. Rekruttering til kommunale tenester
5. Flyktningar
6. Nærings- og samfunnsliv
7. Klima og samfunnstryggleik
8. Rindal i Trøndelag
9. Kommunestruktur

Dei to siste punkta var nok mest diskutert, sa Skorem. 

Ordføraren meinte at rullering av planverket er viktig, og at kvart kommunestyre bør rullere planane i løpet av perioden sin. Det betyr ikkje revolusjon, men er viktig opplæring.

Plankontoret fekk ros for arbeidet med plana, som no er vedtatt lagt ut til offentleg ettersyn.

Sjå heile plana her!

IMGP6560.JPG
Ola T. Heggem

Referatsaker

Av referatsakene trekte ordførar Heggem fram NVE si innstilling til Revisjon av konsesjonsvilkår for Folla-Vindølareguleringen i Surnadal og Rindal kommunar.

- Politisk har Rindal og Surnadal stått på sida til villaksen, sa Heggem, - og dette er ei overraskande positiv innstilling frå NVE.

Kommunestyret fekk også høre litt om arbeidet med overgang til Trøndelag fylke. Møta kommunen har hatt til no er positive, og i dag får Rindal besøk av Samferdselsavdelinga I Trøndelag fylke. Det blir også arbeidd med dei interkommunale samarbeida Rindal har med Surnadal og Halsa, der det ser ut som Halsa trekker seg ut av det meste.

Ordføraren var også innom militærøvinga Trident Juncture. 6.- 9. november blir dagar med unntakstilstand i Rindal, for da skal slaget om Rindal stå. Det er ikkje sikkert alle kjem seg til skolen eller arbeid til rett tid desse dagane!

Følg med på den kommunale informasjonssida om øvinga!

Fullstendig sakliste med saksdokument og vedtak finn du her på Rindal kommunes heimesider.

Tips en venn Skriv ut