Kortreist om Rindal skimuseum.Kari-Elin Bolme Løfaldli, avdelingsleder.

Rindal skimuseum i Budstikka

Sist veke hadde Rindal skimuseum besøk av journalist Iver Gjelstenli frå Romsdals budstikke. Det resulterte i ein flott Kortreist-reportasje du kan lese i Romsdals budstikke sin papirutgave i går og på rbnett.no i dag.


FAKTA:


Rindal Skimuseum

Kva: Rindal Skimuseum er eit museum med tema skisport, skihistorie og skiproduksjonshistorie. Museet har også kafé og butikk.

Kvar: Museet ligg i kommunesenteret Rindal på Nordmøre. Bilkøyring frå Molde, 141 km, cirka 2 timar og 40 minutt.

Opningstider: Frå 1. februar til 30. april er muséet ope kvar laurdag, søndag og tysdag kl. 12–18. I sommarsesongen ope kvar dag unntatt måndag kl. 12–18.

Prisar: Vaksne 70 kroner, barn 30 kroner, familie 175 kroner. Grupper på minst 10 personar: 50 kroner per person.

Nett: nordmore.museum.no


Skimuseum i skibygda

Treski magne Myrmo_700x1106[1].jpgOgså i 1974 var det VM på ski i Falun. Magne Myrmo tok gull på 15 km. På treski frå Landsem Skifabrikk i Rindal!

 

RINDAL: 41,39,09! Eg skal ikkje lyge på meg at eg hugsar tida. Eg skal heller ikkje påstå at eg  hugsar synet av Magne Myrmo på svart-kvitt fjernsynet heime då han med saftige dobbelttak nærma seg målstreken i Falun denne dagen i 1974. Men no lyser tala mot meg frå skjermen som heng under taket inne på Rindal skimuseum, eg reiser meg opp og er på nippet til å sleppe jubelen laus ... Så må eg minne meg sjølv om at dette er eit 41 år gammalt opptak. Eg lener meg tilbake i stolen, grip etter kaffikoppen, roar meg ned og høyrer den gamle verdsmeisteren bli intervjua mange år etter.

 

Frå tre til plast. Han fortel om tvilen. Plast- eller treski? Plastskia var i ferd med å ta over, både i norsk og utanlandsk langrenn. Gliden var god, men festesmøringa var eit problem. Som ein av dei få valde Magne Myrmo å gå på treski. Og sanneleg, han vann!

Magne Myrmos VM-gull frå 1974 har gått inn i skihistoria. Sjølvsagt fordi det var ein stor idrettsprestasjon, men først og fremst fordi dette var siste gongen eit internasjonalt meisterskap vart vunne på treski. Det er difor ikkje utan grunn at Magne Myrmos «gullski» er ein del av utstillinga ved nye Rindal skimuseum. Ja, faktum er vel at no har praktisk talt alle treski blitt museumsgjenstandar.

 

Museum og fjøs. Kortreist har vore på tur til Rindal skimuseum ein gong før, men det var på gamlemuséet i Løsetlåna. No har skimuseet flytta inn i «nytt hus» og framstår med interessante utstillingar, triveleg kafe og innhaldsrik museumsbutikk.

Det «nye huset» er den 230 år gamle Heggemsfjøsen som er flytta til museet på Igeltjønnhaugen i Rindal frå Romundstadbygda. I restaurert form fyller Heggemsfjøset to roller. Som fjøs på museumstunet saman med dei andre 15 bygningane på Rindal skimuseum, og gjenbrukt som skimuseum der moderne utstillingar er smakfullt innpassa blant handlafta tømmervegger. Ein god og svært vellykka kombinasjon av gammalt og nytt.

 

Triveleg miljø. Rindal skimuseum er ope laurdagar, søndagar og tysdagar i vintersesongen. Eg starta mitt besøk tysdag denne veka med kaffi, brødskive og vaflar. Der møtte eg mellom andre tre trufaste museumsvener, Per Rindalsholt, Oddvin Meland, og Magne Bolme. Dei var i full gang med pusseklutane for å få eit utval av skiløparen Magnar Fosseides pokalar.

– Vi har 100 medlemmer i Rindal skimuseums venneforening, og dei er gull verd for oss. I dag har vi fått lakkert stolar og pussa pokalar. Museumsvenene hjelper også til ved arrangement og er aktive heile året, seier avdelingsleiar Kari-Elin Bolme Løfaldli.

 

Skiproduksjon. Eg brukar nokre timar på min vandring gjennom Rindal skimuseum. Eg får eit innblikk i produksjon av ski på gamlemåten slik det har gått føre seg i hus og heim og i stadig meir moderne former i dei fire skifabrikkane i Rindal. Først Rindal Skifabrikk frå 1918 til 1978, seinare Trollheimen Skifabrikk, Trollski og ikkje minst Landsem Skifabrikk som starta opp i 1946 og heldt det gåande til 1988. På det meste hadde Landsem 70 tilsette, og produserte 100.000 skipar i året.

 

Lokale skiheltar. Rindal skimuseum har sjølvsagt sett av god plass også til bygdas mange langrennsløparar. John Røen som vart fransk meister på 50-kilometeren i Chamonix i 1928, og bror hans, Sigurd, som ni år etter vart dobbelt verdsmeister, også i Chamonix. Og deretter idrettsheltar på rekkje og rad: Magnar Fosseide, Torvald Heggem, Mikal Kirkholt, Edvin, Even og Per Landsem, Reidar Helgetun, Tore Bjørnstad, Magnar Ingebrigstli og mange fleire som gjorde Rindal til ei av dei store skibygdene i Norge.

 

Kulturinstitusjon. Rindal skimuseum er ein institusjon i skibygda Rindal. Dei samarbeider med Rindal Idrettslag, og når det er poengrenn for ungane blir kvelden avslutta med kakao og vaflar på museumskafeen. Her er det også kulturarrangement med tema ski og skihistorie. Skihistorikar Thor Gotaas har vore her, og onsdag 18. februar kjem Otto Ulseth og Oddvar Brå på besøk i høve starten på VM i Falun.

Det er med andre ord mange gode grunnar til å reise til Rindal og besøke Rindal skimuseum. Ta turen ein fin vinterdag. Det er fleire av dei der enn ellers i Møre og Romsdal. Så får du deg ein fin skitur også, i skibygda Rindal.


 

Bilde over: Historisk skisamling: Store skihistoriske augeblink med OL-gull,VM-gull og norske meisterskap vunne på ski produsert ved Landsem Skifabrikk i Rindal. Det er nokre av historiene bak denne samlinga av ski som her blir presentert av avdelingsleiar Kari-Elin Bolme Løfaldli ved Rindal skimuseum. Den nye utgåva av museet blei opna i 2014, og gir både kunnskap om og oppleving av skisportens historie. Alle foto: Iver Gjelstenli

Bilde over til høgre: Gamle heltar: Treskia til Magner Myrmo frå 1974 på veggen i Rindal

Museumsvenner_700x472.jpg

Museumsvener: Rindal skimuseums veneforeining gjer ein stor innsats for skimuseet. Her er (frå venstre) Per Rindalsholt, Oddvin Meland og Magne Bolme i full gang med å pusse eit utval av Magnar Fosseides pokalar.

Kari ved radioen_700x475.jpg

Lytt på radio: I denne stova med radio, bandopptakar og platespelar frå 1950-talet kan du lytte på gamle radiosendingar der Bjørge Lillelien brøler ut om norske skibragder.

Kladdebok_700x465.jpg

Ekte idrettsinteresse: Ein bunke med skrivebøker der ein særs skiinteressert rindaling har skrive inn resultatlister frå ski- og skøytemeisterskap. Slik blir vi mint om at rindalingen Sigurd Røen vann 17. kilometeren i Garmisch Pertenkirschen i 1937!

Skisko_700x493.jpg

Skisko: Slik såg utstyret ut då langrennspionerane frå Rindal tok sine gullmedaljar på 1920- og 30-talet.

Tekst og foto: Iver Gjelstenli

Sjå også rbnett.no