Rindal kirkekor 10 år_1024x567[1]

Willys arkivdykk 113 med jubileumskonset i Rindal kirke

Rindal kirkekor 10 år 15. mars 1987

15. mars 1987 feira Rindal kirkekor 10 år. - Det heile starta med at vi fekk ny organist til bygda for 10 år sidan. Det var Arvid Halsetrønning, men daverande sokneprest Bergslid har også si ære som påskuvar, sa formann i kirkekoret den gongen, Ole Trygve Foseide. Sjå både bilder, forhåndsreportasje og konsertomtale frå Driva i mars 1987 i dette arkivdykket frå Willy:

Over ser du 10 årsjubilanten Rindal kirkekor fra mars 1987 og slik vart forhåndsreportasjen, som du ser først under, innleia:

- Det heile starta med at vi fekk ny organist til bygda for ti år sidan. Det var Arvid Halsetrønning, men daverande sokneprest Bergslid har også si ære som påskuvar. I november 1976 møttest Halsetrønning og nokre fleire interesserte songarar i Løfall bedehus. I byrjinga hadde koret 17 medlemmer og etter ti øvingar song dei ved gudstenesta i Øvre Rindal kapell 2. juledag same året. Det var starten på Rindal kirkekor, fortel formann i koret, Ole Trygve Foseide - heile reportasjen under:

Har du kommentarer eller noe du vil fortelle omkring dette arkivdykket fra Willy - bruk: redaktor@trollheimsporten.no og del det med alle på Trollheimsporten.

Willys arkivdykk er bildeglimt, reportasjer og avisstoff fra et mangslungent og omfattende bilde-, film- og klipparkiv til Willy Karlstrøm i Trollheimsporten. Willys arkivdykk finner du under På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida på Trollheimsporten. Alle arkivdykk er tilgjengelige på Willys arkivdykk, Willys arkivdykk 1, Willys arkivdykk 2 og Willys arkivdykk 3 - der du finner dette stoffet. I tillegg finner du mye anna godt stoff under På Porten - blant anna fra Edgar Kattem, Edgar Landsems utklipp fra Øvre Sæter Camping og Harald Solvik (de siste to under Willys arkivdykk).

Rindal kirkekor song lyset fram
Vidare under ser du bilder frå jubileumskonserten, der Meldal menighetskor var gjestekor, mens Turid Røen Kroknes (til høgre), tidlegare medlem i koret, var solist under konserten. Heilt nederst ser du konsertomtalen frå Driva 17. mars 1987:

Rindal kirkekor song lyset fram, var tittelen - og konserten var ikkje utan dramatikk: Kvelden vart nærmast "dramatisk", da glas frå den eine lysekrona datt ned tidleg under konserten og store problem med lyset skapa uro under heile konserten. Likevel greidde Rindal kirkekor saman med solist Turid Røen Kroknes, sokneprest Svein Forsberg ved orgelet og Meldal menighetskor å synge lyset fram. Spesielt lød tiårsjubilanten fyldig og klangfull.