RH styre 3 bruk_1024x604

Rindal Heimbygdlag driv godt med sal av årsskrift

Rindal Heimbygdlag hadde sitt årsmøte i Frivilligsentralen i Rindal onsdag kveld 22. februar. Her tok Ann Ingeborg Grimsmo attval som leiar, mens Willy Karlstrøm kom inn som ny i styret. Forutan desse to er Edgar Landsem, Gunnar Nergård Løseth og Ragnhild Stavne Bolme med i styret. Hovudaktiviteten er utgjeving av årsskriftet før jul kvart år, noko som er svært populært.

Sju medlemmer av 22 hadde møtt fram under årsmøtet til Rindal Heimbygdlag og til høgre ser du styret med frå venstre kasserar Gunnar Nergård Løseth, nestleiar Edgar Landsem, leiar Ann Ingeborg Grimsmo (bak), skrivar Ragnhild Stavne Bolme og styremedlem Willy Karlstrøm - ny i styret etter at Liv Nergård Aune sa frå seg attval.

Årrskriftet populært
Av årsmeldinga går det fram at årsskriftet går så det susar og er hovudaktiviteten til laget. Det siste, for 2011, kom i eit opplag på 650 før jul, og av desse er det no att ein rest på berre 78. Fredrik Løset er redaktør for årsskriftet og har hatt det meste av arbeidet med redigeringa. Dette viser også regskapet, der heimbygdlaget har godt over 100 000 kroner på bok. Overkotet i 2011 var på nær 2000 kroner.

Innhaldsliste etter emne laga
Fleire av årsskrifta er utselde og kan ikkje skaffast lenger. Det har kome ut årleg sidan 1984. No er det laga ei innhaldsliste, ordna etter emne, for årsskrifta frå 1984 - 2011. Denne er det meininga å oppdatere kvart år.

Til venstre leiar Ann Ingebrog Grimsmo.

- Samtidig har både Rindal skole og Øvre Rindal skole fått ei slik innhaldsliste, som også er lagt ut på biblioteket i Rindalshuset, opplyste leiar Ann Ingebrog Grimsmo under årsmøtet. Denne kan vera nyttigå ha da begge skulane og biblioteket har komplett lager med alle årsskrift opp gjennom åra. Her er det mykje godt historisk kildemateriale å finne.

Kulturvandringar
Av aktivitet elles driv Rindal Heimbygdlag med kulturvandringar, og dei siste åra har desse vore i Romundstadbygdai 2011 på Kattem og Kirkholt med Olav Helgetun og Edgar Kattem som kjentmenn. Under kulturvøkku hadde heimbygdlaget stand, der årsskrift og boka Rindalshumor vart selt.

Rindal Heimbygdlag er medlem av Trollheimsporten med informasjonsside - bli medlem - alle her!