Rett namn på Blåfjellet!

Blåfjellet mellom ytre Bøfjorden og Halsa var gjenstand for namnesak seinast i 2013 – med bakgrunn i at somme feilaktig har begynt å kalle fjellet for «Saksa». Den gongen må saka ha stoppa opp i byråkratiet. Difor er det godt at ho no kjem fram att, så vi kan sikre rett bruk av namnet «Blåfjellet».

     I altfor lang tid har det ukorrekte «Saksa» versert i visse samanhengar. Det er nok ein slitsam og kostbar prosess å rette opp dette på kart og i brosjyrer, men dess meir nødvendig. Vi kan ikkje leva med feil bruk av geografiske namn.

 

Namnefeil og konsekvensar

Eg er uroa over at offisielle kart (t.d. rutetilvising 6389; M711; kartblad Halsa 1421 III) kallar  Blåfjellet for «Saksa»: Områdenamnet SAKSEN (ved fjorden) er da forflytta opp på BLÅFJELLET. At det dertil er omgjort til hokjønnsform («Saksa»), gjer ikkje feilen mindre. Her handlar det både om rett namn på fjellet OG om rett kartplasseringa av området Saksen.

     Rute- og turistbrosjyrer, skilting og annan «informasjon» som (truleg på bakgrunn av nemnte kartfeil) spreier og vidarefører namnet «Saksa» om Blåfjellet, gjer seg skuldig i aukande bruk av urett namn. Særleg skade gjer dette blant tilreisande utan lokal kunnskap. Og blir ikkje feilen no korrigert, står vi i fare for at komande generasjonar også blant lokalfolket blir narra til å tru at Blåfjellet «heiter» Saksa. – «For det står jo på kartet!» vil dei seie.

 

Lokal kompetanse: «Blåfjellet»

Blant bøfjordingar og halsabyggjer har namnet alltid vore Blåfjellet. Namnet Saksen (dialekt «Saksin», hankjønn) gjeld området nede ved sjøen vest for Blåfjellet. Dette omfattar både småbruket Saksen (tidlegare husmannsplass under Innreiten) og stranda / berget / neset vidare sørover.

     I tillegg til sin personlege kunnskap om lokale stadnamn, nedarva gjennom generasjonar, har kulturhistorisk interesserte og kompetente personar i Bøfjorden og Halsa fleire gonger sjekka kva namn bygdefolk generelt brukar. Både blant eldre tradisjonskyndige, og også blant yngre, er svaret heilt eintydig: Det heiter Blåfjellet!

     I Torjulvågen på andre sida av Halsafjorden brukar dei same namnet: - Først når snøflekken nedafor toppen av Blåfjellet har bråna på tidlegsommaren, får ungane i Tylvågjen lov til å bada! (Sitat etter innfødd torjulvåging.)

     Bøfjorden Historielag har også jobba med saka og fått bekrefta dette hos pålitande personar i bygdene på begge sider av fjellet.

     Elles veit eg  at eit lokalutval i Halsa for lang tid sidan arbeidde grundig med namnespørsmålet og slo fast at det rette er «Blåfjellet».

     Idrettslaga i Halsa og Bøfjorden har i fleire tiår samarbeidd om «Blåfjelløpet», som går langs austsida av dette fjellet – frå Dragset i Bøfjorden til Halsanausta.

     Frå ytre del av Halsa har det tidvis vore kalla «Vullumsfjellet», men da sett frå Halsa-sida. Namnet på turløpet «Saksa opp» botnar truleg i feilinformasjonen som er nemnt ovanfor.

     I Settemsdalen seier dei gjerne Ytre Blåfjellet, fordi eit fjellparti nord for dalen også heiter «Blåfjellet».

 

Amtskart og tysk namneendring

Vi kjenner ikkje grunnane til at kartverket opererer med denne namnefeilen. Ei muleg forklaring kan ligge i eit gammelt amtskart (www.norgeskart.no). Utanom andre feil har amtskartet «forskyva» namnet «Saksen» til toppen av det eigentlege Blåfjellet, medan namnet «Blaafj(eldet)» like eins har hamna aust for Dragsetdalen – på fjellet som bøfjordingar kallar «Skreå». Kartet er såleis å rekne som nokså upåliteleg. Men det har namnet «Saksnæs» nede ved sjøen vest for Blåfjellet.

     Lars Indreiten fortel at tyskerane under krigen bruka namnet Saksa (truleg i forma Sachse) og sette dette på sine kart. Om Kartverket har bygd vidare på dette, er det likevel ikkje lokalfolket sitt namn på fjellet, men laga av framande.

     Eg kan føye til at tyskerane i 1940 konfiskerte fiskebåten DS «Bøfjord» til ammunisjonsskip (som forresten eksploderte hausten 1944). Dei omdøypte båten til «Sachse». (Tykte kanskje namnet frå strandområdet (Saksen) hadde meir schwung enn dei rette namna – både på båt og fjell?) Dette er uansett ikkje noko argument for å fortsette med feil namn på fjellet.

    Somme har endatil hevda at fjellet «bør» omdøypast - fordi det finst fleire «Blåfjell»! Det er uansett eit verdilaust argument. I seg sjøl er jo slikt namn naturleg mange stader – fjell får på avstand gjerne den blå fargen på grunn av lysbrytinga i lufta. Det var lokalfolket som sette namn på «sine» fjell, og dei var i sin fulle rett til det. (Over 50.000 nordmenn heiter «Jan», og haugevis av dei har same etternamn, men kan vi ta oss til rette og omdøype vedkomande til «Arian» eller «Jeremia» av den grunn?) 

  

Saksen er området ved sjøen

Når Blåfjellet blir kalla «Saksa», er det både ein alvorleg geografisk-historisk feil og dessutan språkleg ukorrekt.      

     I 1773 reiste vitskapsmannen Gerhard Schøning forbi Saksen. Han skriv om dette i  storverket «Reise gjennem en Deel af Norge»: «Sønden for Halse ligger den Gaard Indre-Reitan. Her stikker Land-Strækningen temmelig ud mod S.V., indtil det Biærg og Næs Saxen, og da det samme skeer ligesaa paa hin Siide Fiorden (.....), saa falder ved bemeldte Saxen altiid stærkere Blæst, end paa andre Steder (....) Gjennemfarten forbi bemeldte Saxen er derover ofte farlig og vanskelig ...» Her er det altså udiskutabelt at Saksen er området (berget, neset) nede ved fjorden!

     I reiseskildringa «Udflugter i Nordmøre» (av ukjend forfattar, utgjeven på  Henrich Loennechens forlag i Kristiansund 1892) blir både Blåfjellet og Saksen omtala:

     «I Syd for Halsegaardene strækker sig den flade Vullumstrand langs Fjorden indover til Blaafjeldet, med dets fremspringende Næs «Saksen», som Dampskibet passerer paa Veien til Torjulvaag...».  Igjen: «Blaafjeldet» er fjellet, «Saksen» er neset ved sjøen!

 

Språk og kjønn

På plassen/bruket Saksen, nokre hundre meter nord for neset, budde den vidkjende båtbyggjaren Ole Reiten. Til dagleg var han kalla «Ola Sakså» - slik det var vanleg,  her med hankjønns dativform av plassnamnet.

     Namnet er  altså hankjønn (Saksen, «Saksin», dativ «Sakså») og ikkje hokjønn  - «Saksa». (Det ville på dialekt ha vorte uttala «Såksa».) Kvifor denne kjønnsforvirringa?

     Lokal tradisjon antydar at ein holmgangsduell som er omtala i «Soga om Gisle Sursson», kan ha skjedd her ved Saksen. Soga kallar plassen der det skjedde, for ”eyna (=øya) Sǫxu”. Dette er nedskrive langt unna (på Island) og lenge (bortimot 300 år) etterpå. Skrivaren har rimelegvis tenkt at holmgangsstaden var ei øy (hokjønn) og har difor bruka hokjønnsforma «Sǫxu». Kan dette ha påverka Kartverket til å omgjera (det allereie feilplasserte) «Saksen» (jf amtskartet) til  det enda meir feilaktige «Saksa»?

 

Namnet Saksen i praktisk bruk

Fyrlykta i det aktuelle strandområdet er av Fyrvesenet/Kystverket kalla «Saksnes». Rett nok står ho ikkje på sjølve Saksneset, men på Hjelpingsneset eit lite stykke lenger sør; dette av praktiske grunnar, fordi lykta er betre synleg derifrå. Området kallast også somtid kort og godt «Løkta».

    Sjøfarande folk seier likevel Saksen (uttala «Saksin»); det gjeld både lykta og plassen. Ungguten ved rattet på frakteskuta fekk gjerne beskjeden «Styr på Saksin!». Under setting av fiskeline på «meda» ved Bøkleppen skulle ein somtid «ro mot Sakså». (Begge deler sjølopplevd!) Skipskyrkjegarden for kondemnerte båtar på Nordmøre er midtfjords «bortafor Sakså».

     Det er altså ingen tvil om at all hevdvunnen, tradisjonell bruk av namnet Saksen berre gjeld området nede ved fjorden vestafor (og langt unna) Blåfjellet.

 

Konklusjon

Namnesaka gjeld både namnet på Blåfjellet og kartplasseringa av Saksen. Eg håpar det no blir teke ei rett avgjerd på bakgrunn av ei mengd solide faglege og historiske argument. Og eg bed alle gjera sitt til at korrekte namn blir rett plassert og bruka i framtida!

 

Bernt G. Bøe

Blåfjellet a.jpg

Blåfjellet (i midta) sett mot nordvest frå Øvre Bøsetra. Saksen ligg bak ytste neset til venstre. Ferja ved Kanestrøm lenger bak.

Blåfjellet b SAKSNES Lykt.jpg

«Saksnes Fyrlykt» står eigentleg på Hjelpingsneset (med Saksneset litt bakafor), men heile strandområdet  blir til dagleg kalla «Saksin».

 

Blåfjellet c Plassen Saksen Ferja mm.jpg

 

Frå ferjeleia  over Halsavika ser vi Blåfjellet oppe til venstre (mot søraust), husa på det gamle bruket Saksen like bak (til høgre for) ferja, og vi skimtar neset med  fyrlykta («Saksin») lengst til høgre.