Henning_1024x1184

Rita Eriksen og Fabula bergtok Kleiva

Rekordmange på stor Kleivakveld

Det vart ein stor Kleivakveld med 1000 i bakkane kring residensen til Kleivakongen i kveld, vart det kviskra. Rita Eriksen trio og Fabula (Margret Kristin Sigurdardottir) bergtok heile Kleiva og passa perfekt inn i Vårsøgsettinga. Veret spelte med og som alltid kom sola og lyste i den krølla luggen til Henning Sommerro, som avslutta med Sola e komma - sjer du kor ho stjin! Det var slik det skulle vera på Kleivakvelden! Vi har sett det før!

Og Sverre Hatle fekk Kleivaprisen (over) - vel fortjent.

Ikkje langt unna rekord
Over 1000 vart det kviskra - og Rita Eriksen sa det! Om det ikkje var det, så var det i alle fall ikkje langt unna rekord på Kleiva i kveld.

Som vanleg vart vi møtt med korpsmusikk frå Surnadal Hornmusikk og to unge 12-åringar selde Vårsøgskjorte ved inngangen - Inga Ragnhild Skogseth og Elin Hamnes Høvik (til høgre). Dei hadde selt mange skjorter og tykte det var topp, fortalte dei.

Treige nordmøringar
Kvelden vart innleia med felespel frå elevar ved Kulturskolen for Indre Nordmøre, som blant anna framførte tonar frå Flåklypa. Og da Henning (Sommerro) og John Pål (Indreberg) overraskande inntok scena og starta fable om treige nordmøringar, skjøna vi ingen ting før fablinga gjekk over til sull om kor dei venta på hentinga av Fabula - som natulegvis dukka opp etter kvart - om enn noko forsenka - og fekk sin stevande intro av Henning (sjå snutt nedom).

Snorre og Ola T. frå Bjørnås!
- Snorre var frå Bjørnås. Det er eg og, sa Ola T. Heggem, da han introduserte seg sjøl litt og Fabula frå Island mest. - Eg kjem for seint. Det er berre eit bevis på at nordmennene gjorde rett da dei som flytta til Island for å unngå skatt, vart kasta ut av Norge, sa ho og imponerte med gode tekster og var musikk saman med Anders Larsen.

Poetisk vekst i Vårsøglandet
I to bolkar framførte elevar frå skulane i Surnadal og Rindal dikt frå Vårsøglandet og Svein Sæter kunne konstatere poetisk vekst sidan sist. Dei som fekk sleppe til med dikt i år var Ingebrigt Kvendset Bergli, Håvard Hyldbakk Solvik, Hedda Åsbø, Iver Berg, Marit Grytbakk, Anne Marie Kande, Ellen Kvisvik Sæterøy, Eirik Betten, Vilde Dønnem Bele, Anne Røen, Håvard Bævre og Gunnhild Trønsdal.

Kleivaprisen og Kleivafondet
Nordmøre Spelmannslag er 80 år i år og det eldste spelmannslaget som eksisterer. Dei fekk 4000 kroner i støtte frå Kleivafondet.

Rindalsordførar Ola T. Heggem (til høgre) var kveldens konferansier.

- Kleivaprisen i år går til ein allsidig person. Han har mange jarn i ilden og stiller opp frivillig over alt. Orda ligg han næog han er glad i nynorsk. Årets Kleivapris går til ein av dei finaste stemmene i Surnadal. Han har skrive både dikt og bøker, og han har tolka dikt av andre. Han har vore med i dugnadsarbeidet på Kleiva i mange år, sa ordførar Mons Otnes, da han presenterte årets vinnar av kleivaprisen - Sverre Hatle!

Sverre sjøl visste ingen ting og vart sjeldan mållaus. Likevel skein det gjennom at han var stolt da han takka for prisen. - Om eg får Kleivprisen er det mange som fortener den, sa han og takka alle!

Rita bergtok Kleiva
Til slutt bergtok Rita Eriksen trio heile Kleiva med Kanarifugl i bur, Alf Prøysens Sønnavindsvals og Tir na Noir til slutt. Rita Eriksen passa fantastisk inn på Kleiva og i Vårsøgsettinga. All honnør til Vårsøglandet, som vi alle er ein del av - takk for ein fantstisk Kleivakveld.

Trolheimsporten følger Vårsøghelga tett. Sjå alle bilda under - klikk på dei og sjå dei større og i serie. Så langt har Trollheimsporten hatt reportasjar frå åpninga med avduking av byste og utstilling med Håkon Gullsvåg - sjå her! Imonerande Teater nonstop. Herleg Magnhild-konsert! Frå Dagestan til Lindemann - sjå her! Opptog for Vårsøghelga her! Og tildelinga av Kleivaprisen til Sverre Hatle, forutan denne omfattande reportasjen frå Kleivakvelden.

Under ser du ein del av alt folket som hadde funne vegen til Kleiva i kveld. Vidare ser du nokre små snuttar frå kvelden, først der Henning Sommerro introduserer Fabula (Margret Kristin Sigurdardottir) da det meste skar seg i starten og Fabula ikkje hadde dukka opp. Da er det godt å ha Henning og John Pål som aldri tek det så høgtideleg. Og Rita Eriksen trio som passa knall inn på Kleiva - her med Kanarifugl i bur. Vidare ser du Henning Sommerro med vener i E Slåttåtæjal, Rune Dalager og Sigrid Elisabet Vetlesen Bøe, samt John Pål Inderberg som les dikt:

 

 

Henning introduserer Fabula.
Rita Eriksen trio med Kanarifugl i bur!
Henning med vener i E slåttåtæja.
Rune Dalager og Sigrid Elisabet Vetlesen Bøe med ein låt tonesett av Karstein Mauset til tekst av Hans Hyldbakk.
John Pål Inderberg les dikt!
Rita Eriksen trio_1024x671
Rita Eriksen trio bergtok Kleiva!
Surnadal Hornmusikk_1024x673
Surnadal Hornmusikk