hjort3_350x225

Rekordmange hjortar felt i Surnadal

I 2010 vart det felt rekordmange hjortar i Surnadal. Totalt vart det felt 497 hjortar, noko som er 44 fleire enn i 2009. Årsaka er mellom anna auka hjortestamme og lengre jakttid. Fellingsprosenten på 82,1 er den beste nokon sinne, men det var nedgang i slaktevekta for alle kategoriar. Hard vinter i 2009/2010 samt sein vår i fjor har truleg noko av skulda. Fellingsprosenten for elg var ikkje spesielt bra i 2010, med reduksjon samanlikna med dei tre føregåande åra.

Fellingsprosenten for elg i Surnadal vart på 54,0 i 2010,noko som er litt lågt i forhold til optimal tildeling/felling. Felling fordelt på alder og kjønn var heller ikkje så bra i fjor, og særleg var andelen eldre ku høg (nesten 28 prosent).

Talet på sett elg og fellingsresultat gir ein indikasjon på at elgstammen er redusert i forhold til 2009. I 2010 var det dessutan nedgang i slaktevekter både på kalv og okse, men oppgang i slaktevekter for ku.

Desse og fleire tal frå storviltstatistikken for Surnadal kommune i 2010, vart presentert under Kløverstukvelden 21.februar. Du kan lese heile statistikken her.