Reisande rindalingar

Rindal Pensjonistlag har vore på busstur, og målet denne gongen var Vangshaugen i Grødalen, Sunndal, men dei var innom fleire stader. Med heimtur over Nerskogen, vart turen Trollheimen rundt! Les referatet nedafor.


Foto: Elin Høstmark, Driva

 

Rindal Pensjonistlag på tur til Vangshaugen.

 

Rindal Pensjonistlag var ute på tur torsdag 07.08.2014. Vi starta frå Rindal i litt skodde, men snart skein det opp, og det vart ein strålande dag. Første stopp var på Sunndalsøra. Der vart vi møtt av kultursjef Ole Magne Ansnes som gav oss ei orientering om Sunndal kommune. Han hadde og med ein pose med bøker og DVD frå Sunndal til utlodding i pensjonistlaget. Det vart og tid til ein tur innom Amfi for ein kaffekopp, og kanskje litt handel.


Elverhøy, huset til Barbara Arbuthnott

Neste stopp vart  på Leikvin Kulturminnepark, Sunndal bygdemuseum. Leikvin er ei avdeling av Nordmøre Museum med «lakselordane» som spesialområde.   Vi fekk ei interessant orientering av museumsstyrar Jarle Stavik . Han fortalte mest om Barbara Arbuthnott som budde mange år på Elverhøy like ved Leikvin. På Leikvin var journalist i Driva, Elin Høstmark, møtt opp. Dagen etter var det ein stor reportasje i avisa.


Vinnufossen

Turen gjekk vidare oppover Sunndalen der vi m.a. såg Vinnufossen, Europas høgste fossefall. 


Sunndalsporten

På  Gjøra  var det stopp ved Sunndalsporten som er ei spesiell bygning der ein finn m.a. Jokerbutikk og Sunndal naturparksenter. Inne på naturparksenteret kunne vi sjå utstoppa ville dyr som moskus og jerv. Vi vart hjarteleg mottekne av ho som er sjef for Sunndalsporten, surnadalingen  Gunn Signe Aarnes.

På Gjøra svinga vi av på Fjellgardvegen. Det bar oppover på smal og svingete veg, men vi kom trygt fram med sjåfør Kjell Bråten ved rattet. Vangshaugen som ligg ved Storvatnet i Grødalen er no eigd og drive av Kristiansund og Nordmøre Turistforening. 

Hovedhuset vart reist av den engelske forretningsmannen Ethelbert Lort-Philips og brukt som jakt- og fiskeresidens for pengesterke britar. Seinare er fleire gamle hus flytta dit.


Klar for rømmegraut

Framme på Vangshaugen fekk vi plass i ein flott spisesal som hadde vore eit gammalt fjøs. Vi fekk ei orientering om området før vi vart servert rømmegraut og spekemat som smakte nydeleg.

Etter maten kunne vi sitte i solveggen og slappe av, eller vi kunne gå rundt og sjå oss om i det flotte landskapet. Vi fekk og servert kaffe og bakels.
Fint med fottur ved Vangshaugen

Mot Jenstad


Åmotan

Da vi køyrde ned att, stoppa bussen slik at vi kunne nyte utsynet mot Åmotan og Jenstad, imponerande.  Heimturen gjekk om Gråura mot Oppdal og vidare om Nerskogen.


Rast ved Skarvatnet

Det vart ein siste stopp ved Skarvatnet med servering av nistepakkar og kald drikke. Vi var heime like før det braka laust med torever. 

 

(Tekst/foto: Ann Grimsmo)

Driva.no hadde denne reportasjen frå besøket i Sunndal.