Mandag
Mandag Lett snø
-8°
Lett snø
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Lettskyet
-8°
Lettskyet
Flau vind
region og næringsutvalet på Rindalshytter

Regional- og næringsutvalet på besøk i Rindal

Tirsdag var regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal på besøk i Rindal. Der var dei innom fleire lokale bedrifter, mellom anna Rindalshytter AS, som har hatt ei svært positiv utvikling det siste året.

Møte i regional- og næringsutvalet 24. - 25. oktober var lagt til Surnadal og Rindal. Mandagen tilbrakte dei i Surnadal, der dei fekk orientering om Surnadal kommune og fleire lokale bedrifter. I tillegg fekk dei omvisning på Surnadal Hamn, og dei besøkte mellom anna Møre Tre og Pipelife. FV65 var naturleg nok eit sentralt tema ved besøket i Surnadal.


Rindal kommune var første post på programmet

Tirsdag var det Rindal som sto for tur. Trollheimsporten var med da dagen starta på kommunehuset i Rindal. Ordfører Ola T Heggem orienterte om Rindal kommune.

Ordføraren fortalte om fleire store samfunnsprosjekt som har vore gjennomført i regi av kommunen dei siste 4-5 åra. Han nemnde mellom anna ombygginga av Auto-verkstedet, Øvre Dalen, Rindal skimuseum, Rindalshallen og Kul-Tur-Stien. Han trekte fram betydninga av frivilligheit og dugnadsinnsats, som har vore viktig blant anna i samband med Kul-Tur-Stien. Sør-Trøndelag Idrettskrets sin arrangørpris til Småtrolluka og NM i terrengløp i Rindal no i haust vart nevnt som eksempel på viktig frivillig arbeid. Boligsatsinga vart óg nemnt, med nye boligtomter nær sentrum og bygging av uleiebustader.

Det er tradisjonelt svært låg arbeidsløyse i Rindal. No ligg den på 1,4%. Næringsrådgiver Grete Elshaug fortalte at næringlivet og skulane samarbeider godt om å inkluderer skuleelevane i arbeidslivet. Kommunen har fleire lærlingar til ei kvar tid, og mange lokale bedrifter er óg flinke til å ta inn lærlingar. Ola T Heggem presiserte at Surnadal vidaregående skole er svært viktig for folk i Rindal. Dei fleste rindalingane går på skule der. Rindalingane har ikkje mista interessa for skulen i Surnadal sjølv om dei har søkt overflytting til Trøndelag.


Svært god utvikling for Rindalshytter

Neste post på programmet var bedriftsbesøk hos Rindalshytter AS i Bjergen Industriområde. Her vart medlemmane i regional- og næringsutvalet  møtt av dagleg leiar Per Ivar Hyldbakk, som orienterte litt om bedrifta og utviklinga frå oppstarten i 1964. Hyldbakk har vore tilsett som dagleg leiar i Rindalshytter i litt over eitt år.

Gjennom over 50 års sammenhengande drift har Rindalshytter stadig utvikla nye hyttemodelllar, frå dei tradisjonelle laftehyttene til sjøhytter, lysthus, småhus og langhus. I år har dei lansert den nye hyttemodellen Kvist, som passar like godt på fjellet som ved fjorden. For tida er det óg stor etterspørsell etter dei tradisjonelle laftehyttene, og det er ekstra lang ventetid på desse pga kapasiteten i laftehallen.

Rindalshytter legg vekt på vedlikhaldsfrie overflater, slik at ein stort sett kan nyte tida på hytta utan å tenke på vedlikehald. Bedrifta satsar på kvalitet, og er med på å sette standarden i markedet.

- Eg trur vi har eit forsprang i forhold til mange andre i markedet. Og vi har mykje spennande som kjem, fortalte Per Ivar Hyldbakk.

Det siste året har det vore gjennomført ei omstrukturering i bedrifta, og dette har ført til betydeleg betring i økonomien. Omsetninga var på 35,5 millionar i 2015. Den er forventa å auke til ca 60 millionar i 2016. Alt no veit dei óg at resultatet bli betydeleg betre enn i fjor. Bedrifta har no ein ordrereserve på ca 75 millionar kroner.

I 2015 var det 18 tilsette i Rindalshytter AS, men no i 2016 er dei oppe i 28 tilsette. I tillegg leier dei inn arbeidskraft, og for tida er det ca 60 personar som er i arbeid for Rindalshytter kvar dag, fortel Hyldbakk.

Bedrifta har vokst såpass mykje at dei har begynt å tenke på utviding av kontorlokala. Dei har óg utvida markedet sitt, og satsar meir på Østlandet. For å spre risikoen og få betre kontroll har dei oppretta eit eigedomsselskap, Rindalshytter Eiendom AS.

Gründer Emil Gåsvand snakka litt om Rindalslist AS og transportproblematikken der. Det er nesten 10 trailerar pr dag som kjører ut frå Rindalslist med varer. Bedrifta har ein transportkostnad på 7%, mot 3-4% som er vanleg på Østlandet. Gåsvand påpeika at Rindal og Surnadal er store industribygder. Det er stort behov for å få ein skikkeleg veg, som kan bli egna til 25 m vogntog, i framtida.

Utvalgsmedlemmane fekk ei omvisning i laftehallen til Rindalshytter. Der er det full aktivitet heile tida.

IMG_6863.jpg
Det er fullt kapasitetsutnytting i laftehallen til Rindalshytter.

region og næringsutvalet på Rindalshytter_690x459.jpg
Medlemmane i regional- og næringsutvalet saman med Ola T Heggem, Birgit Reisch, Magnar Dalsegg og Grete Elshaug frå Rindal kommune, Emil Gåsvand og Per Ivar Hyldbakk fra Rindalshytter.


Inga Dalsegg og Dalalåven

Turen gjekk vidare til Dalalåven Atelier. Kunstnaren Inga Dalsegg er spesialist på å skjære graskarlykter, og gjestane fekk sjå eit eksempel på dette. Inga Dalsegg fortalte litt om bedrifta si, der ho har mange ulike tilbud. I tillegg til maleri har ho fleire andre spennande oppdrag, som skriving på pergament på gammelt vis, som ho har fortalt om på Trollheimsporten tidlegare. Inga Dalsegg har utsalg av ulike kunstprodukt på Dalalåven, og kan ellers blant anna tilby diverse kurs, utdrikkingslag m.v. på forspørsel.

IMG_6879.jpg
Inga Dalsegg fortel om bedrifta si.

Hos Inga Dalsegg.jpg
Inga viser fram ei graskarlykt som ho arbeider med.
 

Etter dette reiste gjestane vidare til El-Watch i Rindal sentrum og VIBO, Rognskog Bil og Letthus på Stokkøyan Industriområde.


Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider kan du sjå kven som sit i regional- og næringsutvalet.


 

Tips en venn Skriv ut