Logo Surnadal heimbygdlag

Surnadal Heimbygdlag melder:

Referat frå årsmøte i Surnadal heimbygdlag

Trygve Roaldset vart attvald som leiar då Surnadal Heimbygdlag hadde årsmøte 28. februar. Olav Bergheim kom inn som nytt styremedlem i staden for Marit Lesund, men elles var det attval av Arild Drøivoldsmo. Svein Sæter og Eivind Hasle sto ikkje på val.

Økonomien i laget bøkene er god. Det er sal av bøker etter Hans Hyldbakk og Jørgen Gravvold, i tillegg til «Ord til gagns», som utgjer viktigaste inntektskjeldene. Og i «Du mitt Nordmøre» gjer surndalingane seg sterkt gjeldande, både som skribentar og i innhaldet.

Noregs Mållag har dei siste åra hatt auke i medlemstalet. Dette har ikkje til no gitt seg utslag i Surnadal Heimbygdlag. Derfor er det viktigaste ønsket framover fleire medlemmar, og betre kontakt med morsmålsopplæringa i barnehage og skole.

EHA