laks, avslutning 4_250x166

Ragnar gir seg som Laksefestival-general

Leiar for hovudkomiteen, Ragnar Halle, har vore med og arrangert Norsk Laksefestival i Surnadal sidan starten for ti år sidan. No gir han seg. - Det er sjølvsagt litt vemodig. Men å stå på scena i dag og sjå ut over den store folkemengda som var møtt fram for å få med seg avslutningsshowet, var ei flott oppleving, seier laksegeneralen.

Gjennom ti år har Ragnar Halle stått sentralt i oppbygginga av Norsk Laksefestival. Når han no vel å gi seg, understrekar Halle at det ikkje ligg noko dramatikk bak.

- Det gir høve til å få inn nytt folk, som kan sjå på arrangementet med nye auge. Det er klart det er lagt ned mykje frivillig arbeid, ikkje berre for meg, men for heile komiteen. Samtidig har det vore svært gjevande å få vere med, seier Halle til Trollheimsporten.

Han er i store trekk fornøgd med årets festival, sjølv om regnet la ein dempar på publikumsoppmøtet - særleg fredag.

- Det kom 1400 på utekonserten med Åge Aleksandersen & Sambandet. Sjølv om det var ein fantastisk konsert og stor stemning, var vi i komiteen spent på korleis helga ville fortsetje. Elva var også for stor, noko fangstresultata under fiskekonkurransen nok seier sitt om. Men veret vart gradvis betre, og på utekonserten laurdag med Hurra Torpedo og Ole Ivars kom det også 1400 publikummarar. Sjølv om vi per i dag (søndag) ikkje har alle detaljar klare, går festivalen truleg i balanse økonomisk.

Hovudkomiteen ventar i år med sjølve festivalevalueringa til etter ferien, det vil seie rundt midten av august.

Blant positive moment, trekkjer Halle også fram det gode oppmøtet under konferansen torsdag og den flotte stemninga og deltakinga under familiearrangementet ved Glønavatnet same kveld.

- Vi er litt skuffa over at det ikkje vart landa laks over fem kilo under fiskekonkurransen, slik at vi heller ikkje i år kunne kåre Laksekonge. Men til neste år blir premiepotten på heile 90.000 kroner, så det bør i alle fall vere lokkande. Og det er postivt at såpass mange ungdommar meldte seg på konkurransen. Det lovar godt for rekrutteringa og interessa for elva, seier Ragnar Halle.