Radiomesse A2 Krs Kammerkor SIGRID 2013 Nov

Sendes på NRK P1 søndag 26. oktober kl 11

Radiomesse med lokale krefter

Søndagens NRK-gudsteneste kjem frå Nordlandet kyrkje i Kristiansund og er bygd rundt Joseph Haydns «Lille Orgelmesse». Kristiansund Kammerkor, solist Sigrid Vetleseter Bøe, sokneprest Lars-Ove Skaret og ei rekkje musikarar gjer liturgisk teneste.


Bruk av komponerte messer i gudstenesta er å sette denne musikken inn i sin rette samanheng. Dirigent Peder Rensvik og medleiar for KKKK-Festivalen, Margaret Rensvik, er pionerar i denne kyrkjemusikalske gjenskapinga. Dei har fleire gonger teke klassikarane tilbake dit musikken var tenkt – etter at klassiske messer lenge har vore bruka berre som konsertmusikk. I 2011 tona f.eks. Mozarts «Kroningsmesse» som gudsteneste i Stangvik og Nordlandet – og derifrå via NRK ut til mange hundre tusen ved radioen.

Radiomesse A1 Krs Kkor Sigrid VB.jpg
Kristiansund Kammerkor og solist Sigrid Bøe med orgel og orkester har viktige roller i radiomessa.


Søndag er det Haydn – med litt Mozart attåt. Joseph Haydns «Lille Orgelmesse» (Missa Brevis Sancti Joannes de Deo) vart laga i 1775 til den ungarsk-østerrikske kyrkjelyden «Barmhjertighetsbrødrene».


Alle grunnledda er med i feiringa: Bønerop (Kyrie) – Lovsong (Gloria) – Truvedkjenning (Credo) og nattverdledda Heilag, heilag (Sanctus), Velsigna vere han (Benedictus) og Guds Lam (Agnus Dei).


«Missa brevis» (kort messe) betyr i dette tilfellet at koret «sparar tid» med å synge fleire tekster samtidig!


I Benedictus-satsen har orgelet ei viktig rolle, difor tilnamnet «orgelmesse». Dette er ein stor sopran-arie, her framført av Sigrid Vetleseter Bøe med Margaret Rensvik ved orgelet. Sigrid er også solist i Mozarts «Laudate Dominum» - under nattverdmåltidet.

Radiomesse B Nordlandet kirke.jpg
Nordlandet kyrkje feirar 100-årsjubileum i år.

Gudstenesta, som går på NRK P1 søndag kl. 11, er opptatt 21. september i Nordlandet kyrkje – som altså feirar sitt 100-årsjubileum i lag med heile radio-Norge på denne måten.

Radiomesse C Haydn.jpg
Joseph Haydn – denne gong som gudstenestekomponist.

Radiomesse D Skaret Lars-Ove.jpg
Lars-Ove Skaret er sokneprest i Nordlandet.

Radiomesse E1 Mozart b.jpg
Mozarts vakre «Laudate Dominum» blir også å høre i gudstenesta.


Tekst og bilder er innsendt av Bernt G Bøe