Onsdag
Onsdag Klarvær
21°
Klarvær
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
20°
Delvis skyet
Flau vind
2020-01-006

Juletrefestar

"Så går vi rundt"

Det er lang tradisjon for juletrefestar i bygdene våre, og tidlegare kunne ein oppsøke slike samlingar kvar kveld i romjula. Denne helga var det i alle fall tre juletrefestar i distriktet vårt, sikkert også fleire!

IMG_1663 (1)-001_690x816.jpg
Ingrun og Jon (Foto Lene G)

Fredag kveld var det juletrefest i Lomundsjø bedehus. Det er ein over 20 år gamal tradisjon at det er juletrefest der første helga på nyåret. I år var det Jostein Landrø, kjent frå Mjuklia på Berkåk som var talar, og det var song, musikk, opplesing og refleksjon ved Gjertrud, Jon, Ingrun Nyborg og Lene prest – alle Gåsvatn.

mms_img10701615631.jpg
Mannskorgruppa "Godt nytt" (Foto: Einy Elgsæther)

Laurdag var det Surnadal Normisjon som inviterte til nyttårsfest på Eidet bedehus i Surnadal.

Trass i snøbyger og stormkast så samla nyttårsfesten på Eidet bedehus fullt hus med folk frå mange kantar, Aure, Averøya, Molde, Ålvundeid og Rindal, forutan surnadalingar. Stemninga var stor med eit flott program.

Det vart tent Heilagtrekongarslys for Heilagtrekongarsdagen og Kristi openberringsdag, som er kyrkjas misjonsdag, og nyttår med fokus på Jesu namnedag som seier at namnet Jesus er eit frelsernamn for alle folk. Difor var dette også ein misjonsfest og områdefest for Normisjon på Møre.

Tidlegare sokneprest i Sunndal, Bjørn Hovde, kåserte levande over det ambisiøse temaet «Korleis misjonen har endra verda». Det var svært spennande og interessant å få konkrete eksempel på kva misjonen har betydd gjennom historia for sjølvstende, frigjering (også kvinnefrigjering), opplysning, helse og demokrati. Det er dokumentert at i land med kristen misjon står menneskerettar og demokrati sterkast.

Etter ein pause med mykje god mat, tok regionleiar Torgeir Frøsøye oss med til fleire land med filmsnuttar frå misjonens arbeid.

mms_img4211561821.jpg
"Damekoret Credo" (Foto: Einy Elgsæther)

Ikkje minst var forsamlinga begeistra for song av to kor. Først Damekoret Credo under leiing av kantor Oddveig Helset Halle og så det nystarta mannskoret "Godt Nytt" som var eit prosjektkor sett saman for denne festen. Dei hadde øvd tre gonger, men opptrådde med tre firestemte fine songar med Svein Volle som dirigent og leiar. Han song også solo på den eine songen.

2020-01-05 14.13.18.jpg
Sokneprest Lene Gåsvatn (Foto: OleT)

Søndag ettermiddag kunne ein delta på juletrefest på Rindal Menighetshus, der Lene prest heldt tale og ei gruppe av Rindal barnekor song leda av kantor Johanne Bjørkhaug. Bjarne Nordlund leda leikar og konkurransar med dei yngste, som også kosa seg i leikehuset bakerst i salen i matpausen.

2020-01-05 14.11.22.jpg
Rindal Barnekor (Foto: OleT)

Sjølvsagt var det triveleg matpause med god servering på alle festane, og praten gjekk livleg rundt borda.

2020-01-05 14.29.10.jpg

Det var også sett av god tid til gong kring juletreet, fleire ringar og kraftig song av dei kjente julesongane!

Det er ikkje for seint å få med seg juletrefest enda, for på Kyrkjelydshuset på Skei er det Fleirkulturell julefest onsdag 8. januar kl. 18.00.

Tekst: Einy Elgsæther/OleT