Alf Prøysen 2

Prosjektkor og rockeverkstad i Vårsøghelga

Laget Vårsøg melder om to store og spennande programpostar under Vårsøghelga i år som dei inviterer publikum til å vere delaktig på; prosjektkor med Alf Prøysen-songar og rockeverkstad med Torstein Flakne.

PRESSEMELDING FRÅ VÅRSØGHELGA 2014

 

Alf Prøysen.pngPROSJEKTKOR FOR ALLE

Vårsøghelga markerer Alf Prøysen sin 100-årsdag i 2014 med eigen konsert i Storstuå. Jørn Simen Øverli og Henning Sommerro har sett saman eit program der vi får kjennskap til fleire og meir ukjende sider av visekunstnaren Alf Prøysen. Vi vil hylle denne folkekjære diktaren til gangs, og vi håpar å få med oss alle som har lyst i eit prosjektkor leia av Elin Persson. Du må sette av tre til fire korøvingar på vekedagar, samt ei øving før konserten under Vårsøghelga i juni. Alle som likar å syngje er velkomne til å melde seg på til Elin Persson på elinpers@online.no. Frist: før påske.

 

 

Torstein Flakne-1.jpgTORSTEIN FLAKNE PÅ ROCKEVERKSTAD OG ROCKSØG

Gitar-virituosen Torstein Flakne, kjend frå Stage Dolls og The Kids, kjem til Vårsøghelga i år. Han skal spele på konserten Råkksøg, ein rockekonsert med han og deltakarar frå improvisasjons- og bandseminaret Flakne skal ha under Vårsøghelga.  På repertoaret vil det bli hitar frå Flakne sitt repertoar og mykje bra rock frå kulturskulebanda sitt repertoar. Bandelevane frå kulturskulen leverte eit kritikarrost Kinrock i år, og vi gler oss til å få høyre nokre av høgdepunkta derifrå igjen.  Vi oppfordrar alle frå bandmiljøet i regionen til å melde seg på seminaret med Flakne, og alle andre til å få med seg resultatet i Teltet. Dette blir bra!

 

 

 

 

 

Kontakt:

 Gerd Ingrid Kvendset
Dagleg leiar
Laget Vårsøg
Pb. 132, 6650 Surnadal
Mobil: 415 46 860 / 975 245 74

Heimeside: www.varsoghelga