Montasje b Strand Edvind bygde Surnadal Hotell 090719

Annonse:

Profilar på museet

Søndag hentar Bøfjorden Historielag fram profilar frå glømmeboka. Mange ukjente bygdekvinner og menn fortener sin plass i lyset.

 

Med foto og verbalt kåseri vil programmet på sjøbruksmuseet presentere kyrkjebyggjaren Ola Scheistrøen, den livlege forteljaren Ingeborg Sættem (Arnøra) og Johanna Staknes, som dreiv butikk i ingenmannsland og var omvandrande bokhandlar med koffert på ryggen!

Du møter forkynnaren og salmisten Jo Sengen frå Rindalen. Han kunne ikkje gå, men reiste vidt omkring – sittande i ei seng! Kanskje blir det litt om Edvind Strand – meister for både hotellbygg, kommunehus og husmorskule. Og kven var vår lokale Stradivarius?

Du visste nok at James Chaworth-Musters hadde Vaulen på Nordmarka. Men kva med krigsinnsatsen hans?

Kanskje får du med eit par prestehistorier av ymse slag – og småstubbar frå Halvdan Koht sitt Surnadals-besøk i 1905. For å nemne noko.

Det blir altså ymse attåt kaffen denne søndagen. Og den sørgjer Kirsten og Gunnhild for.

 

Montasje a Jo Sengjen & salme 090719.jpg

John J. Tørset (1810-1885) var bunden til senga, men reiste som forkynnar, dikta og gav ut salmebok!

Montasje b Strand Edvind bygde Surnadal Hotell 090719[1].jpg

Edvind Strand var byggmeister for blant anna hotell og kommunehus på Skei og husmorskule på Halsa.

Foto c Ole O. Scheistrøen 090719.jpg

Ole O. Scheistrøen bygde fleire titals kyrkjer – på Nordmøre, i Trøndelag og i Nord-Norge.

Foto d Johanna OREN Staknes 090719.jpg

Johanna Staknes var ei driftig kvinne – endatil som omvandrande bokhandlar!

Foto e Sættem Ingeborg ARNØRA 090719[1].jpg

Ingeborg Sættem på Arnøra i Bøfjorden var både ypperleg forteljar og ein varm omsorgsperson.

Foto f Musters James 090719.jpg

Visste du at James Musters var motstandsleiar under krigen?

Foto g Hoemfele 090719.jpg

Dette instrumentet er bygd av ein fantastisk felemakar. Men kven var han?

2019 07 14 Plakat Museet.jpg

Bøfjorden historielag er medlem av Trollheimsporten