PrestKunst (1)

Bøfjorden Historielag melder:

Presteprofilar og kyrkjekunst

Fargerike personportrett og like fargerik kunst dannar tema på museet i Bøfjorden søndag. Ramma er kyrkjeleg og spennvidda stor.

Bildet over: Tre markante presteprofilar frå programmet: Herr Anders Christensen som vart prost i Fosen på 1600-talet (t.v.), Lars Finckenhagen (prest i Surnadal 1792-1832) og stangvikprest og stortingsmann Just Bing Ebbesen.

Biletkåsør Bernt Bøe viser kyrkjene våre som kulturhus og kunstgalleri og trekkjer fram delvis ukjende målarar som Rasmus Teilgaard, Lars Drejer, Ole Joensen Kolset og Conrad Valeur. Kven visste at bøfjordingen Kolset var meister for kyrkjekunst såvel  i Bremsnes, Frei, Mo og Halsa som på Helgeland?

Frå Hyldbakk, Halse og Halvdan Koht kjem stoff om dyktige og sæprega nordmørsprestar. Men historia fortel også om maktkamp og pikante episodar.

Vi hører om kapellanen som etter lovbrot laut forlate Surnadal, men vart prost i Fosen.  Herr Finckenhagen gjorde mykje bra for skulen, men var mindre heldig med andre ting. Om Irgens – «Hær-Johan» - ryktast det at han hadde overnaturlege evner.  Sant og usant, spøk og alvor går hand i hand gjennom programmet.

Til ettermiddagskaffen på museet viser lerretet kyrkjekunst som har fryda og belært rik og fattig ved helg og høgtid. Opp gjennom hundreåra

Og sia NRK sender radiogudsteneste frå Ålvundeidet denne søndagen,  blir altartavla der spesielt interessant: Laga av den dyktige, men omstridde Stangvik-magnaten Rasmus Teilgaard til Christiansunds Kirke i 1725, men kjøpt og heim-rodd til den nybygde Ålvundeid kyrkje 123 år seinare!

Bøfjorden Historielag inviterer til variert og lettfordøyeleg program. Museet blir «kyrkjebakken» denne søndagen.

 

PrestKunst (2).jpg
Ole Joensen Kolset (frå Kalset i Bøfjorden) laga denne altartavla til Bremsnes kyrkje i 1771.

PrestKunst (3).jpg
Altartavla i Ålvundeid kyrkje var opprinneleg måla til Christiansunds Kirke i 1725 av Rasmus Teilgaard frå Stangvik.

PrestKunst (4).jpg
Madonnafigur frå Ranes kyrkje rundt 1250 – no på museum i Trondheim.

PrestKunst (5).jpg
Surnadalskapellanen Anders Christensen vart prost og stor kyrkjemann i Fosen på 1600-talet.

PrestKunst (6).jpg
Lars Lund Finckenhagen – mykje omtala surnadalsprest.

PrestKunst (7).jpg
Just Bing Ebbesen (Stangvik 1884-1891) - nær venn av Bjørnstjerne Bjørnson.

2017 08 13 Museumsplakat.jpg

 

Bøfjorden Historielag er medlem i Trollheimsporten.