Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
Torsdag
Torsdag Skyet
Skyet
Flau vind
Annett Ranes, Helge Røv, Bitten Ranes, Ole Magnar Ulvund og Elise Kristiane Einum ps

Presenterte partiprogrammet

Eldreomsorg, skulemat, klima, opprusting av Fv65 og berekraftig utvikling av landbruket var blant sakene Surnadal Ap trakk fram som ekstra viktige då dei måndag presenterte partiprogrammet sitt for 2019-2023.

Ordførarkandidat Annett Ranes, varaordførar Helge Røv og listekandidatane Elise Kristiane Einum, Bitten Ranes og Ole Magnar Ulvund frå Surnadal Arbeiderparti var på plass for å presentere partiprogrammet for lokalpressa.

Partiet har i dag 12 representantar i kommunestyret i Surnadal, og målet er å ha minst same antall etter valet 9. september.

– Lokalpolitikk er i grunn summen av alt, og alle dei ulike felta er viktige. Så det vi ikkje har valt å trekke fram som hovudpunkt her, er framleis viktig for Surnadal Ap, seier Annett Ranes.

Dersom veljarane vil det slik, kan ho verte Surnadal sin neste ordførar, og listetoppen starta med å trekkje fram eldreomsorg som ei viktig sak for partiet.

– Dette er ei sak som opptek mange, og på stand i vår og i sommar har vi fått mange spørsmål om korleis vi stiller oss til dei åtte sjukeheimsplassane i Stangvika. Her er ståstaden vår at vi stiller oss bak vedtaket som er gjort, seier Annett Ranes, og presiserer:

– Det er fordi det står tydeleg i vedtaket at vi må følgje med korleis behovet for sjukeheimsplassar i kommunen utviklar seg. Vi kan ikkje ha desse plassane stengde dersom vi ser at behovet aukar.

Ordførarkandidaten får støtte frå Helge Røv:

– Ja, og samtidig som det vedtaket har vorte gjort, har vi prioritert heimesjukepleien.

Surnadal Ap ser og for seg at Surnadal Frivilligsentral og ein eldrevaktmester kan spele viktige rollar innan eldreomsorga.

– Vi må klare å fylle dagane til dei som ikkje lenger klarar seg sjølve, og det på ein god måte. Det er ei utruleg viktig sak for oss.


Garanterer for skulemat til alle grunnskuleelevar

Bitten Ranes står på Ap-lista for første gong, og tek opp at partiet vil jobbe for å få til skulemat for alle i grunnskulen. Og den skal aller helst vere heilt gratis.

– Skulemat til alle grunnskulelevar vil vere eit sosialt og viktig tiltak. Det jamnar ut forskjellar mellom både familiar og elevar, det at alle kan sitte rundt same bord og ete seg mette. Dette vil vere eit godt tilbod vi kjem til å få mykje att for, seier ho, og fortsett:

– Forsking viser og at elevane lærer betre med mat i magen, og her må sjølvsagt elevane ved alle grunnskulane i kommunen få det same tilbodet.

Bitten får støtte av ein annan Ranes, Annett:

– I løpet av dei neste fire åra vil jobbe for å få på plass tilbod om dette til alle, og så vil vi jobbe for at det skal vere gratis. Dette er ei hjertesak for Arbeiderpartiet på nasjonalt plan.

– Her handlar det om at ungar skal få det same tilbodet, uavhengig av familieøkonomi. Med den utfordrande økonomien til Surnadal kommune i bakhovudet, ønskjer vi ikkje å dele ut for mange garantiar, men i denne saka gjer vi det.

– Ja, dette kan vi garantere, slår Bitten Ranes fast.
 

Vil redusere plastbruk

Klima er ei høgaktuell sak i valkampen.

Elise Kristiane Einum slår fast at Surnadal Ap vil redusere plastbruk i kommunen, og sørge for at kjeldesortering bør, eller helst skal, brukast i alle kommunale einingar.

– Her må vi finne ei praktisk, miljøvenleg og gjennomførbar løysing, for Surnadal kommune skal gå framom som eit godt forbilde for resten av innbyggjarane våre, seier Einum.

– I tillegg er det naturleg at kommunen, ved utskifting av kommunale køyretøy, går over til el-bilar der det er muleg, seier Ole Magnar Ulvund, og legg til:

– Vi vil og jobbe for at det, i alle søknader til Surnadal kommune, må vere med eit eige punkt om kva konsekvensar ulike tiltak, prosjekt eller arrangement vil ha for miljøet. Då får vi miljøfokuset inn allereie i saksbehandlinga.

– Ja, søknadar må rett og slett innehalde ei enkel konsekvensutredning med tanke på miljøet, seier Helge Røv.

– Vi i Surnadal må ta ansvar for klimaet vi og, seier ordførarkandidat Ranes.


Vil skape indre trafikkåre

Helge Røv trekkjer fram opprusting av Fv65 som eit viktig punkt for både kommunen og partiet dei neste fire åra.

– No veit vi at Rv70 vert bra etter kvart, så får vi til Todalsfjordprosjektet og ei opprusting av Fv65 skapar vi ei indre trafikkåre som vil verte teke i bruk i staden for E39. Det vil føre til eit kjempeløft både for Surnadal og Sunndal, seier varaordføraren, og fortsett:

– Slik det er i dag er Fv65 i altfor dårleg forfatning, og både Surnadal Havn, Pipelife, Talgø og Surnadal Transport, blant anna, vert skadelidande.

– Så lenge dei ikkje kan køyre store nok vogntog er dei i ein uheldig konkurransesituasjon, fordi dei kjempar i same marknad som firma som har andre transportføresetnader. Her gjeld det å mase, mase og mase, slik at vi held trykket oppe i denne saka.

Annett Ranes støttar Røv.

– Vi må vise kor viktig dette er for oss, i alle mulege samanhengar. I tillegg er det jo eit godt tiltak for surnadalingar her å stemme inn Lilly Gunn Nyheim på Fylkestinget, for det er jo Fylkestingsval og i haust, og ho er ei viktig stemme å ha med seg vidare.
 

Varslar omkamp om Buhagen Vest

Berekraftig utvikling av landbruk var og på agendaen til Surnadal Arbeiderparti-delegasjonen måndag.

– Det vert ofte konflikt mellom utbyggingsprosjekt og matjord. Surnadal Ap er ikkje for nullvisjonen når det gjeld dyrka jord. Skal Surnadal kommune overleve, både sentrum og grendene, må noko dyrka jord brukast til andre formål, seier Helge Røv.

Han viser til Buhagen Vest som døme, og varslar omkamp om nettopp det arealet.

– Vi meiner det burde gjerast om til bustadfelt, og ønskjer saka opp att. Her har føresetnadene nemleg endra seg, ved at prisen på Høgberget og dei tiltenkte bustadtomtene der har gått vesentleg opp sidan den saka var oppe. Difor bør Buhagen Vest igjen vere eit alternativ.

Røv og Surnadal Ap ønskjer å styrke landbruket ved å påverke til auka økonomiske bidrag, og å kompensere for utbygging med nydyrking på anna areal.
 

Vil ha skular med 30 elevar og tredeling

På pressekonferansen trakk listekandidatane frå Surnadal Ap og fram at dei vil jobbe for fast dekke på alle kommunale vegar, og betre vedlikehald av kommunale bygg.

– Det er ikkje dermed sagt at vi ikkje skal byggje noko som helst nytt. For Ny Øye, eller Surnadal Barne- og Ungdomsskule, skal og må byggjast, slår Annett Ranes fast.

I tillegg til å garantere for skulemat til alle, kjem Surnadal Ap med ein garanti til:

– Vi vil stemme nei til privatisering av det kommunale vaskeriet. Garantert. seier Helge Røv.

På spørsmål om garantiar med tanke på skular og skulestruktur, viser både Røv og Annett Ranes til partiprogrammet.

Der står det at Surnadal Ap ønskjer skular med minst 30 elevar og tredeling.

– Vedtaket frå før jul står fast, trass den litt uheldige saka i kommunestyret sist, der mange nok og har misforstått kva som ligg i saka, seier Røv, medan Annett Ranes legg til:

– Ja, men samtidig står vi for det som står i partiprogrammet for den komande perioden.
 

Her kan du lese heile partiprogrammet til Surnadal Arbeiderparti for 2019-2023.

Ingressfoto: Ordførarkandidat Annett Ranes (f.v.), varaordførarkandidat Helge Røv, Bitten Ranes, Ole Magnar Ulvund og Elise Kristiane Einum er klare for valkamp fram mot valet 9. september.


Surnadal Arbeiderparti er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut