PowderTeck_1024x683

Formannskapet utsette behandling av søknad om tilskott

PowderTech orienterte formannskapet

Formannskapet i Surnadal har utsett å vurdere ein søknad frå PowderTech der dei søkjer om eit tilskott på 400 000 kroner til vidareutviklingstiltak knytta til mellom anna produktutvikling, marknadsanalysar, marknadsføring og kompetanseheving. Årsaka er at formannskapet var inviterte til ei orientering om selskapet under eit arbeidsmøte hos PowderTech AS på Vårsøg Hotell same dag som saka skulle behandlast i formannskapet.

Styreleiar i PowderTech, Stig Feyling, presenterte selskapet for publikum på Vårsøg hotell. Til høgre initiativtakar og grynder, Asbjørn Saltrø. Foto: Norunn Holten

Det var ordførar Mons Otnes som kom med forslag om å utsetje behandlinga av søknaden til neste møte i formannskapet, eit ekstra møte som er planlagt 28. november. Han tykte det var feil å behandle saka same dag som formannskapet var invitert på ein presentasjon av firmaet på Vårsøg hotell, og dette synet fekk han støtte for hos dei andre i formannskapet. Rådmannens innstilling før møtet gjekk på å løyve eit tilskott på 250 000 kroner, eller tilnærma 15 % av totalkostnadane til utviklingsprosjektet, altså betydeleg mindre enn omsøkt sum. Så spørs det om presentasjonen får medlemmane i formannskapet til å ville opne lommeboka meir.

Onsdag og torsdag hadde PowderTech invitert til arbeidsmøte med interessentar på Vårsøg hotell, og det var dette møtet ordførar og formannskap var inviterte til. Dei tok derfor pause i behandlinga av budsjettet for 2012, og dro til Vårsøg hotell. Tema for møtet var termisk sprøyting som vedlikehaldsmetode. Åtte selskap hadde tatt imot invitasjonen, mellom desse STATOIL, Transocean og FMC, Kristiansund. Formannskapet deltok på første økta av den to dagar lange samlinga. Her fekk ordførar Mons Otnes først ordet og presenterte kommunen for deltakarane. Nyvalt styreformann i PowderTech, Stig Feyling, fekk så høve til å presentere selskapet. Han fokuserte særleg på kor vanskeleg det er å vera nystarta selskap i dag. Ein kan mellom anna oppleve at det blir kravd kontant betaling eller ein kort betalingsfrist ved innkjøp, medan kundane på si side krev lange betalingsfristar, f.eks betaling over 50 dagar, av eit nyetablert selskap. Han poengterte at for å overleva under slike forhold er ein avhengig av samarbeidspartnerar. Arbeidsmøtet på Vårsøg hotell samla fleire mulege slike. Etter presentasjonane vart ordet gitt fritt, og det kom mange spørsmål frå eit tydeleg interessert formannskap som nok også kan tenkje seg fleire industriarbeidsplassar i Surnadal.