Harald Palmer Johnny_1024x867

Markedsavtalen til Trollheimsporten ut på anbud

PowderTech fekk 300 000 i tilskott

PowderTech AS blir gjeve eit tilskott på 300 000 kroner, tilnærma 20% av søknadsgrunnlaget til vidareutviklingstiltak knytt mellom anna til produktutvikling, marknadsanalysar, marknadsføring og kompetanseheving. Det vedtok formannskapet i Surnadal einstemmig i dag. Vidare vedtok formannskapet å foreta ein tilbodskonkurranse omkring kjøp av nettbaserte markedstjenester for 2012. Næringssjef Harald Bredesen var i formannskapet og orienterte i dag:

- Dette er det fornuftig å vera med på, sa ordførar Mons Otnes (Ap) og fekk støtte frå Palmer Vikan (Uavhengig):

- Utruleg spennandes, sa han.
Egil Nedal (Ap) ville auke tilskottet til 300 000 for å kome PowderTech enno meir i møte. - Det er sjeldan ein lykkast første gongen når ein etablerer seg, sa han. Johnny Melkild (Ap) spurde om kompetansen og bakgrunnen hos dei som no prøver igjen. - Det er enklare å lykkast no, trudde næringssjef Harald Bredesen, som også understreka lånesituasjonen til bedrifta, som no er langt betre. - Sist var det maksimalt dårleg timing i forhold til finanskrisa. Vidare har det kome langt større kompetanse inn i bedrifta, særleg med den nye styreleiaren, sa han.

- Dette er risikokapital, men svært spennande å vera med å vera med å prøve, sa ordførar Mons Otnes (Ap).

Du finn heile saksutgreiinga her.

Da vart vedtaket slik:
1. PowderTech AS blir gjeve eit tilskott på kr. 300.000,- , tilnærma 20% av søknadsgrunnlaget til vidareutviklingstiltak knytt mellom anna til produktutvikling, marknadsanalysar, marknadsføring og kompetanseheving.
2. Beløpet, kr. 300.000,- blir belasta det frie næringsfondet, og utbetalt mot dokumenterte kostnader over konto 14710.140.4510, tilskott.
3. Vedtaket gjeld fram til 31.12.2012. Er ikkje prosjektet realisert innan denne datoen fell løyvinga bort.

Trollheimsporten i formannskapet
- Det er ryddig å kunne tilby dette til fleire aktørar. Vi er ikkje misfornøgd med samarbeidsavtalen vi har hatt. Den har vore god og vi har nådd ut til mange, sa ordførar Mons Otnes (Ap). Han minna om kor viktig det var å nå ut til utflytta surnadalingar. - Det må også inn i ein slik avtale, sa han.

- Vi må definere meir kva vi vil med ein slik avtale, sa Lise Bjerknesli (Sp).

- Trollheimsporten har ein annan profil enn andre aktørar, og vi har vore med og bygge opp Trollheimsporten til det den er i dag - og så får vi dei spissfindighetane her. Vi dreg oss litt ut av proporsjonane her. Dette er smålig, synes eg. Dette er såpass lokalt og innarbeidd at eg vil fortsette avtalen eit år til, sa Palmer Vikan (Uavhengig), men stemte for innstillinga ved avstemminga.

- Dette er ein markedsavtale og Trollheimsporten har gjort ein god jobb. Det er det ingen tvil om, sa ordførar Mons Otnes (Ap).

- Det er viktig å støtte framlegget frå rådmannen av prinsippielle grunnar, sa Bernt Venås (Sp).

Vedtaket vart slik:
1. Surnadal kommune føretek ein tilbodskonkurranse omkring kjøp av nettbaserte marknadstenester for 2012, og slik får fram ei prioritert liste over tilbydarar.
2. Prioritert liste basert på utvalte utvalskriteria blir lagt fram for formannskapet der spørsmålet om finansiering og gjennomføring av tiltaket ut frå dei framlagte tilboda blir endeleg beslutta.

Heile saksframlegget her.