Mandag
Mandag Regn
Regn
Liten kuling
Tirsdag
Tirsdag Kraftig sludd
Kraftig sludd
Frisk bris
oversiktsbilde

Positive til oppretting av interkommunal psykologstilling

Eit samrøystes kommunestyre i Surnadal sa torsdag ja til eit interkommunalt samarbeid med Rindal kommune om ei felles, heil psykolog-stilling. Rindal kommune blir vertskommune for stillinga.

Som del av regjeringa si satsing på å styrke kvalitet og kompetanse i det tverrfaglege areidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet, vert det frå 1. januar 2020 lovfesta krav om at kommunane skal ha psykologikompetanse.

Rindal og Surnadal har til saman motteke økonomisk stønad på kr. 610.000 i samband med opprettinga av stillinga, som er retta mot begge kommunane si befolkning. 

Kommunedirektør Knut Haugen slo i saksframlegget fast at tilskotet kommunane har fått ikkje vil vere stort nok til å finansiere ei 100 prosent-stilling. På grunn av tidlegare erfaringar med at det kan vere vanskeleg å rekruttere psykologar i kommunane, er det likevel vurdert som avgjerande for å tiltrekkje seg søkarar, at ein kan tilby full stilling. Totale kostnader til ei psykologstilling vil utgjere 1-1,2 millionar kroner per år.

Psykologressursen er tenkt delt, med 50 prosent på kvar av dei to kommunene, og det er altså avtala at Rindal blir vertskommune for tiltaket. Det betyr at psykologen vil bli tilsett i Rindal kommune, og ha oppmøtestad der, men at det vil bli lagt til rette for at han eller ho og kan ha arbeidsdagar i Surnadal. Det vil bli laga ein samarbeidsavtale mellom Rindal og Surnadal, som gjeld vertskommunesamarbeidet om stillinga. 

Tilsetting av psykolog vil skje i 2020, og oppgåver vil, ifølgje saksframlegget til kommunestyret, mellom anna vere:

• Førebyggande arbeid 
• Arbeid med barn og unge som har behov for psykisk helsehjelp/oppfølging, mellom anna for å bidra til betre gjennomføring av skule og opplæring. 
• Tidleg intervensjon, utgreiing og behandling av personar med psykiske vanskar/lidingar og/eller rusmiddelproblem. 
• Tverrfagleg samarbeid • Systemarbeid og grupperetta tiltak kan bli aktuelt 
• Veiledning og konsultativ bistand til andre yrkesgrupper i kommunane 

Ingen av kommunestyrerepresentantane tok ordet i saka, som dermed gjekk rett til avstemning. Der vart følgjande innstilling vedteken:

1. Kommunestyret i Surnadal stiller seg positiv til at det blir inngått eit interkommunalt samarbeid med Rindal kommune om ei felles 100% stilling som psykolog etter vertskommunemodellen i kommunelova kap.20, § 20-2. Administrativt vertskommunesamarbeid, der Rindal kommune er vertskommune.

2. Finansiering av ei 50 % psykologstilling vil i 2020 bli gjort ved bruk av tilskotsmidlar overført frå 2019.

3. I 2021 blir 50% psykologstilling vurdert vidareført ved bruk av tildelte midlar som ligg i kommunen sine frie inntekter i rammeoverføringane frå staten, i samband med budsjettarbeidet for 2021.

Kommunestyret i Rindal gjorde sitt vedtak om det interkommunale samarbeidet om psykologstillinga 20. november:

1. Kommunestyret i Rindal stiller seg positiv til at det blir inngått et interkommunalt samarbeid med Surnadal kommune om en felles 100 % stilling som psykolog etter vertskommunemodellen i kommuneloven kap.5, § 28-1, der Rindal kommune er vertskommune.

Finansiering av 50 % psykologstilling vil i 2019 bli gjort ved bruk av tilskuddmidler. I 2020 blir stillingen finansiert ved bruk av overførte midler som ligger i kommunens frie inntekter i rammeoverføringene fra staten og ubrukte tilskuddsmidler fra 2019. Fra 2021 blir 50 % psykologstilling lagt inn i budsjettramma i forbindelse med budsjettarbeidet for 2021.