sjukeheimen_350x264

Politisk drøfting av problema ved Surnadal sjukeheim

Mangelfull informasjonsflyt, for dårleg tilbod innan etterutdanning/vidareutdanning, utydeleg og svak einingsleiar, eit leiarteam som ikkje fungerer: Dette er blant konklusjonane i ein rapport om forholda ved Surnadal sjukeheim, og som politikarane i Hovudutval for oppvekst og omsorg skal drøfte onsdag. Til møtet er det lagt fram ei tilråding med fem punkt som skal bidra til betring av dei kritikkverdige forholda.

Ved Surnadal sjukeheim har ein over nokre år hatt følgjande utfordringar:

- Å tilpasse drifta til budsjett

- Å finne tilfredstillande skiftordningar; til dømes for mange korte vaktar og mange små stillingar

- Å ta imot brukarar som er annleis enn ein normal pasient, til dømes innan rus/psykiatri

- Samarbeidsproblem i leiinga og mellom avdelingane

- Arbeid mot dei tilsette, til dømes medarbeidarsamtaler, IA-arbeid, sjukefråvær

- Fagleg utviklingsarbeid

Rådmannen har difor teke initiativ til ein full gjennomgang av drifta ved sjukeheimen med sikte på å finne varige løysningar på nemnte utfordringar. Det har etter anbod vore engasjert ein ekstern konsulent i samband med arbeidet. Det var RO – ”Ressurssenter for omstilling i kommunene” som fekk anbodet, og det er rapporten frå arbeidet deira som no er lagt fram.

Rapporten baserer seg på innsendt dokumentasjon, møte med rådmann, kommunalsjef, einingsleiar og hovudtillitsvalde, samt at det er gjennomført eit intervjuprogram der 20 tilsette, leiarar og tillitsvalde deltok.

Rapporten kan kort oppsummerast slik:

- Mangelfull informasjonsflyt

- For dårleg tilbod innan etterutdanning/vidareutdanning

- Utydeleg og svak einingsleiar

- Eit leiarteam som ikkje fungerar

- Mangelfull dialog og støtte frå rådmann til einingsleiar

- Surnadal er ein svært institusjonstung kommune som prioriterar de over 67 år

- Dei faglege tenester er OK

- Arbeidsmiljø er OK.

Rapporten frå RO konkluderer med at den største umiddelbare utfordringa ein har ved Surnadal sjukeheim gjeld leiinga. Den stiller og spørsmål ved overordna strategisk leiing og deira omdømme blant tilsette ved sjukeheimen. Rådmannen ser at ein innafor dette området må iverksetje umiddelbare tiltak. RO tilrår m.a. rettleiing av leiarteamet som eit konkret tiltak. Informasjonsflyt er og ei utfordring og det må arbeidast med å finne betre rutinar for dette.

 I rapporten heiter det mellom anna:

"Nesten alle som ble intervjuet snakket om lederteamet på sjukeheimen hvor hovedinntrykket er at teamet ikke klarer å fungere som lederteam. Tillitsvalgte opplever til dels møtene med dem som “pinlige” fordi de utarter til en diskusjon innad i ledelsen. Man beskriver en ledelse som ikke er tydelig i forhold til å ta beslutninger, at beslutning som tas på et møte i neste omgang blir omgjort eller ikke forholdt seg til."

"Mange er opptatt av økonomi og beskriver en hverdag som handler om ressursbruk og lite om faglighet. Å spare ressurser oppleves som den ene faktoren man uansett skal måles etter."

"Mange kritiserer at strategisk ledelse (rådmannen/kommunalsjefen) ikke i større grad tar ansvar for enhetens økonomistyring eller gir mer støtte til enhetsleder."

"Det er stor enighet om at samarbeidet mellom enhetsledernivå og rådmannsnivå ikke fungerer bra. Mange sier at det virker som om det i liten grad flyter informasjon mellom nivåene, at ting “stopper opp” på vei oppover så vel som nedover. Flere opplever at enhetsleder har liten støtte som leder, at det er uklart hvem rådmann/kommunalsjef forholder seg til i lederteamet på sjukeheimen."

"Påtakelig mange forteller om at henvendelser til rådmann/kommunalsjef ikke blir besvart, eposter blir ikke besvart eller ligger veldig lenge før de besvares."

"Rådmannsnivået og politikere vurderes som lite oppdatert på pleie- og omsorgsproblemer ifølge det mange sier i intervjuene, (...) Sett i forhold til vurderingene av daglig ledelse virker det altså som om flere ansatte mener at øverste administrative ledelse sammen med politisk ledelse er et større problem enn nærmeste leder."

"Statusrapporten peker underveis på flere utfordringer, men er også tydelig på at sjukeheimen har sin styrke i kompetente ansatte som i stor grad er lojale i forhold til å ta utfordringer og som “får ting til å gå rundt” selv om de opplever at de mangler støtte og tilbakemeldinger og informasjon fra sin ledelse, så vel strategisk ledelse som daglig ledelse."

Rapporten kan lesast på Surnadal kommune si heimeside.

Forholda ved sjukeheimen skal no drøftast på politisk nivå, først i Hovudutval for oppvekst og omsorg og seinare i kommunestyret. Til hovudutvalsmøtet onsdag er det lagt fram ei tilråding med forslag om punkt som rådmannen særskild skal følgje opp:

1. Oppfølging i høve leiargruppa ved Surnadal sjukeheim. Kva tiltak som konkret skal iverksetjast får rådmannen fullmakt til å vurdere og gjennomføre.

2. Arbeidet med strategisk kompetanseplan innan Helse og omsorg må vidareførast. Plana blir lagt fram for kommunestyret til orientering og vedtak før jul 2011.

3. Utarbeide strategi for informasjonsflyt innan Helse og omsorg.

4. I samband med Samhandlingsreformen må ein ta stilling til kva for oppgåver Suradal sjukeheim skal ha ansvaret for. Ut i frå dette må ein ta stilling til kva for og kor mykje bemanning ein treng for å fylle oppgåvene myndigheitene krev.

5. I samband med administrativ struktur må ein vurdere å opprette eit eige forvaltningskontor/forvaltningseining.