råg ranes 690

Politikarar etterspurte vedlikehald i Surnadal idrettshall – kommunen vil ta tak i saka

Under kommunestyremøtet i Surnadal onsdag, vart vedlikehaldet i Surnadal idrettshall tema. Både Nils Petter Tonning (Frp) og Lars Inge Kvande (Sp) stilte spørsmål om kommunen sin plan for vedlikehald, og fekk svar frå plansjef Råg Ranes.

Under spørrekvarteret i kommunestyret tok Nils Petter Tonning ordet først.

– Idrettshallen er i dårleg forfatning. Det blir bruka både bøtter og handdukar for å ta unna vatn, og murveggane ber preg av lang tids fuktigheit, seier Tonning, og påpeikar vidare:

– Situasjonen er ikkje ny, og har vore varsla om lenge. Vi må prøve å ta tak i dette.

Lars Inge Kvande følgde opp om saka, på vegne av Mona Rita Rønning, som starta ein debatt om vedlikehaldssituasjonen i idrettshallen på Facebook tidlegare i veka.

– Spørsmålet mitt er i grunn om det finst ein vedlikehaldsplan for idrettshallen, og andre kommunale bygg, og korleis den blir følgd opp.


Utfordrande vedlikehald – på nokre punkt

Ordførar Margrethe Svinvik svara Tonning og Kvande slik:

– Når det gjeld forholda i idrettshallen tykkjer eg ikkje det ser bra ut. Ein kan få inntrykk av at dette er noko som har skjedd plutseleg, men det har skjedd over lang tid. Dette verkar for meg som ein ting det må gå an å berre ordne.

Svinvik viste så til administrasjonen, og plansjef Råg Ranes forklarte situasjonen slik, samtidig som han forsikra om at det er konkrete planer om vidare arbeid:

– Det har vore, og er, løpande vedlikehald i idrettshallen. I løpet av dei siste åra har vi pussa opp fire garderobar, som framstår nye og fine. Men det er dessverre nokre punkt vi slit med, seier Ranes, og fortsett:

– Då påbygget til idrettshallen kom, vart det fylt att. Så mellom fjellet og hallen er det betong, uten klaring imellom. Det betyr at når det kjem vasstrykk frå fjellet går det gjennom betongveggen, og akkurat det er ikkje så lett å ta hand om.
 

Grundige undersøkingar sommaren 2020

– Vi skal klare å ordne det visuelle med veggane, slik at det ser «all right» ut, men utfordringa med vasstrykket frå fjellet er vi usikre på korleis vi kan løyse.

Ranes lovar og at kommunen vil gjere grundige undersøkingar om kvifor det kjem vatn frå taket.

– Vi har sett på det, men ikkje klart å finne ut kvar det kjem frå. Per no veit vi ikkje om det er kondens eller vatn som kjem inn utanfrå. Det er planlagt å undersøke dette grundig igjen i sommar, seier Ranes, og legg til:

– Elles føler vi at hallen er vedlikehalden, samtidig som vi innrømmer at det er nokre få punkt vi slit med å finne ei god løysing på, som gjer at det ser dårleg vedlikeheldt ut.

Om det generelle vedlikehaldsarbeidet med kommunale bygg, seier Ranes:

– Vi held på å få på plass eit godt vedlikehaldsprogram, og då vil vi få ein god oversikt over vedlikehaldsbehovet i kommunen.

Ingressfoto: Plansjef Råg Ranes.

nils petter tonning 690.jpg
Nils Petter Tonning, Frp.

lars inge kvande 690.jpg
Lars Inge Kvande, Sp.