Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
Tirsdag
Tirsdag Klarvær
13°
Klarvær
Svak vind
eplehaust7 innsendt av surnadal museum

Surnadal museum melder:

Poding av frukttre i Svinviks arboret

Vi trossar snø og slaps, og førebur oss på våren! Laurdag 5. mars skal vi pode tre som etterkvart vil kome ut i frukthagen i arboretet, og du er velkomen til å kome innom og sjå korleis dette foregår.


Poding av frukttre i Svinviks arboret 05.mars
 

Poding inneber å feste ein kvist på ein grunnstamme på ein slik måte at det veks saman til eitt tre.

Dette handverket har lange tradisjonar, også her til lands. Vi veit at det vart formert tre på denne måten av munkar i dei gamle klosterhagane.

Vi får hjelp av Per Arne Myraunet fra Frosta, han har lang erfaring med podekunsten.
 

Oppstart kl. 12.00 med ein liten introduksjon til poding, og fortel litt om arbeidet med frukthagen i Svinvik.

Her var det på det meste om lag 600 frukttre å finne. No blir det arbeidd med å få tilbake ein del av dei gamle sortane som fanst her.

Open podeverkstad fram til klokka 15.00, for den som vil kome innom og få nokre tips.
 

Per Arne Myraunet driv i lag med kona Anne-Grete Hellberg gard på Frosta. Der driv dei mellom anna eit gardsutsalg med eigenproduserte varer.

Dei har med seg eit utval av syltetøy m.m frå Hellberg, som du kan få kjøpt.
 

Open kafè frå kl. 12.00 – 15.00. NB! Ta med kontantar.
 

Hugs å ta med varme klede!
 

Sjå også nettsidene våre: www.nordmore.museum.no og facebook.com/svinviksarboret

Tips en venn Skriv ut