Plassenprisen til Gunnhild

Gunnhild Meisingset IMG_20191119_202636_690x920.jpg
Foto: Privat

I går, søndag, vart den første Plassen-prisen til NRK P1 delt ut til Gunnhild Meisingset frå Øvre Surnadal! Prisen vil seinare bli utdelt kvar søndag, og består av diplom, P1-krus med noko godt oppi og ein samtale med Pål Plassen på radioen.

Plassenprisen er ein pris for den som gjer noko ekstra for medmennesker. Prisvinnaren blir plukka ut frå innsendte forslag, og det var mange forslag alt til første prisutdelinga. Det var Berit og Kristi Fugelsøy som hadde sendt inn grunngjeve forslag på Gunnhild Meisingset. Gunnhild tykte det var ekstra stas at Kristi også var med som innsendar, for ho vil gjerne bety noko for dei unge.

Gunnhild ville kalle prisen "Kvardags-Oscar." Ho er glad i menneske og viser det gjerne.
- Det er alltid plass til ein til ved bordet hos oss, seier ho. - Eg er veldig sosial og saknar å møte menneske i kvardagen, slik eg gjorde i arbeidssituasjonen min.

Dei tre siste åra har prisvinnaren vore sjukmeldt. Tidlegare har ho hatt jobbar i butikk og som MOT-koordinator. Som MOT-koordinator har ho vore med på å dele ut fleire prisar, men det å sjølv få pris var noko nytt for henne.

Du kan høre intervjuet med Gunnhild Meisingset, første vinnar av Plassen-prisen, på nrk.no her ca 1.39.20 ute i sendinga frå søndag 12. januar.

Trollheimsporten gratulerer prisvinnaren!