last ned

Pipelife kåret til årets bedrift

Fylkesprisen Årets Bedrift 2018 går til Pipelife Norge AS

Får prisen for satsinga på robotisering, digitalisering og dyktige fagarbeidarar.

- Det er stort å få prisen, seier Kjell Johan Larsen, dagleg leiar for Pipelife Norge AS, som rundar 50 år i år.

Måndag kåra regional- og næringsutvalet Pipelife Norge AS i Surnadal til Årets bedrift. Bedrifta produserer plastrøyr og er verdsleiande i sitt slag.

- Dette var veldig overraskande og svært hyggeleg, og eg takkar på vegne av alle tilsette, seier dagleg leiar Kjell Johan Larsen til fylkeskommunen, som deler ut prisen.


Tar samfunnsansvar

Hjørnesteinsbedrifta på indre Nordmøre har 180 tilsette, og av desse arbeider 100 i Surnadal.

- Det er stort å nå opp i denne kåringa, særleg i eit fylke som Møre og Romsdal, kor der er så mange gode bedrifter. Dette betyr også at omgjevnadene, som vi er opptatt av gjennom vårt samfunnsansvar, ser oss. Vi feirar 50 år i år, og vi har eit prosjekt på berekraft på korleis vi skal bestå og vokse som industribedrift, seier Larsen.


Framtidsretta

I grunngjevinga har regional- og næringsutvalet lagt vekt på at bedrifta har kome langt i robotisering og digitalisering og satsinga på å få fram fleire dyktige fagarbeidarar med rett kompetanse.

- Bedrifta bidrar også aktivt med å utvikle Surnadal som lokalsamfunn. Dagleg leiar Kjell Johan Larsen har leia bedrifta sidan 1995 og har vore ein sterk bidragsytar for fabrikken i Surnadal, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Kvart år deler fylkeskommunen ut prisen Årets Bedrift. Overrekkinga skjer på Fylkestinget i juni.

Det kom inn 22 forslag, og i tildelinga har regional- og næringsutvalet tatt omsyn til følgande kriterium: 

Bedriftsøkonomisk vurdering:
Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region og internasjonalisering)
Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenlege produkt og miljøvenleg produksjon)
Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, HMS-profil)


Pipelife Norge AS

Pipelife Norge produserer plastrøyr med fabrikk i Surnadal. Det er 180 tilsette i bedrifta, av dei arbeider 100 i Surnadal. Selskapet er ein europeisk aktør innanfor sitt område.

Martin Botten starta med sprøytestøyping av røyrdelar i 1972, og det året var omsetninga litt over 2 mill. kroner. Utover på 70-talet voks verksemda raskt og vart ein betydeleg norsk aktør. På 80-talet vart selskapet, etter kvart kjend som Mabo AS, eit leiande nordisk industrikonsern. På 90-talet utvikla selskapet seg vidare til ein europeisk aktør. 

Bedrifta vart seld til Pipelife i 1999 og er i dag eitt av mange selskap i Pipelifekonsernet, som har hovudkvarter i Wien. I Norge er det to fabrikkar; ein i Surnadal og ein i Stathelle. Omsetninga i Pipelife Norge AS, med hovudkontor i Surnadal, ligg no på rundt 1 milliard kr per år. 

 

Teksten er henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside

Arkivfoto