Påskevandring a_690x724

Påskevandring i Stangvik

Det nye barnekoret i Stangvik har ei sentral rolle i gudstenesta søndag kveld. I song og dans, tekster og drama blir programmet ei kyrkjeleg vandring frå palmesøndag til påskedag.

Dei ni jentene opnar med inngangsdans over salmen «Hosianna, Davids Son». Vaksne medliturgar les og delvis dramatiserer bibeltekster om påskedramaet. Forsamlinga deltek i sentrale salmar, og sokneprest Venås held andakt.


Elise (fremst frå venstre), Mette og Oda saman med Ida og Liv (bak, delvis skjult) framstiller sørgekvinnene på vedg til Jesu grav.


«Hosianna, Davids Son». Jentekoret øver inngangsdans. Regissør Berit A. Røkkum til høgre.


«Hosianna» - Liv Margit, Elise, Mette, Oda, Liv og Ida øver dans til inngangssalmen.

Berit Anne Røkkum er iscenesettar og dekoratør. Eit høgdepunkt er sjølve påskemorgon – med overgangen frå mørke til lys, frå sorg til glede. Dette vil barnekoret syne i pantomime til kontrasterande orgelmusikk og i den dramatiserte sluttsalmen «Dine hender er fulle av blomster».

............................
Tekst/Foto: Bernt G.Bøe.