Påskesongkveld i Åsskard

Påskesongmesse med god musikk og kveldsmat har vorte tradisjon i Åsskard kyrkje. På sein kveldstid skjærtorsdag inviterer sokneråd, prest, kor og solistar til vandring i tekster og tonar gjennom høgtida. Felles kveldsmat i Kyrkjestua avsluttar samlinga.

Fiolinistane Anders Larsen og Synnøve Hammervold spelar musikk av m.a. Mozart og Ole Bull og gir tonefølgje til Åsskard Kyrkjekor og Sigrid Vetleseter Bøe i påskemusikk av Handel, Elgar, Lallouette og Cesar Franck. Også Nora Vetleseter Bøe, Kristian Settem og Per Arne Hyldbakk har solistoppgåver. Sokneprest Bernt Venås leier dei liturgiske ledda i messa.

Sentralt i programmet står ei rykande fersk tonesetting av «Sju Ord på Korset». Dei klassiske Kristus-tekstene blir framført av kor, solistar og strykarar til tonestoff frå gregoriansk tradisjon og nordmørsk folkemusikk – samansett av organist Bernt Bøe. Fletta inn i verket kan ein høre melodistubbar etter bl.a. Ola Romundstad, Hallvard Nordheim, Jonas Kroknes, Edvard Torvik og Johan Aasgaard. Sigrid Bøe er evangelist, og koret syng Kristus-partia.

Tidspunkt for samlinga er sett til seinkvelden (kl. 21) – både for å framheve skjærtorsdagens bibelske særpreg, for at publikum kan få med seg påskekonserten i Todalen tidlegare på dagen og for å roe ned med kveldsmat i godt lag.

Innsendt av Bernt G. Bøe

Påskesong 1 ANDERS Larsen_690x534.jpg
Anders Larsen.

Påskesong 2 SYNNØVE Hammervold_690x486.jpg
Synnøve Hammervold.

Påskesong 3 SIGRID V Bøe_690x917.jpg
Sigrid Vetleseter Bøe.

Påskesong 4 KAFFE & KOR_690x638.jpg
Randi Bøe, Nora Bøe, Kirsten Baadnæs Bøe og Kari Sæther inviterer til både påskemusikk og kveldsmat.

Påskesong 5 SJU ORD Nytt verk_690x970.jpg
Urframføring av ny påskemusikk - med innfletta nordmørske folketonar.

PÅSKESONG 6 Plakat_690x988.jpg