Ole Joensen Kolset (1722-1789)

Påskekunstnaren frå Bøfjorden

Kyrkjekunsten talar aller sterkast i og om påska. All grunn til å hente kunstnarane fram i lyset! Nettopp – fram i lyset: For den kanskje mest ruvande nordmøringen på området visste du kanskje ikkje om? 

Av Bernt G. Bøe

Bortkomne kyrkjebøker og snart 300 års tidsavstand får ta det meste av skulda for at namnet Ole Joensen Kolset ligg i skuggen.

Starten av livshistoria hans er lite dokumentert – særleg fordi Stangvik-kyrkja og arkiva der brann opp i 1783. Men kunsthistorikar Johan Ernst Brodahl har forska på saka og slår fast: «Det er uomtvistelig at han egentlig skriver seg fra gårdet Kalset.»

Og da kan både bøfjordingar og halsabyggjer rekne han som sambygding! Bøfjord-garden Kalset tilhøyrde Halsa sokn i hans tid. Og hans første kjente verk er preikestolen i hans dåps og barndoms kyrkje der.

I Åsskardboka skriv Hyldbakk at kunstnaren må ha vore den husmannen som hadde plassen Kråkå ved Kalset, sjøl om han frå 1764 tok borgarskap i Kristiansund.

Bilthugger og Mestermaler
Vi finn verk av Kolset i mange nordmørskyrkjer - Halsa, Bremsnes, Frei og kanskje også Mo. At han dertil fekk mange oppdrag i Nordland, heng delvis saman med seglskutetrafikken, som i hans levetid (1722-1789) batt Nordmøre og Nordland i hop. Dessutan var kristiansundaren Nicolai Christian Friis prest og seinare såkalla «titulærbiskop» i landsdelen. Og sjøl om ikkje alle biskopens eigenskapar var like prisverdige, hadde han sans for kyrkjekunst – så han hyra dyktige treskjerarar og målarar til store oppdrag. Ole Kolset var begge deler – han er titulert som «Bilthugger og Mestermaler».

I 1751 får 29-åringen oppdraget med å «staffere» preikestolen i Halsa-kyrkja. Det verket kan vi sjå også i dag – endatil med hans eigen signatur. Her er bibelske portrett av evangelistane og Kristus, og alt her ser vi varemerket som pregar alle Kolsets verk - den grynblanda søylemålinga. I 1753 målar han treskjeringar og inventar i «Christiansunds Kirke».

Distriktet vårt hadde tre framståande kyrkjekunstnarar først på 1700-talet. Attåt Ole Kolset var det treskjeraren Peder Knudsen Kjørsvig («Peder Bildsnider») frå Fræna og målaren og godseigaren Rasmus Teilgaard i Stangvika. Teilgaard måla m.a. Kjørsvigs altartavle i noverande Ålvundeid kyrkje  -opprinneleg til den gamle kyrkja i Kristiansund (1725). Han var nokså truleg Kolset sin læremeister.

Mange oppdrag, men dårleg lønn på Helgeland
I Nordland hadde Kolset sine første oppdrag i Skjerstad ved Bodø (1759). Biskop Friis hyra han inn, men på dårlege vilkår. Bøfjordingen klagar over at han «fik neppe Farvene, end sige Arbeidet, betalt».

Han kan og ha vore innom Beiarn. I 1761 målar han i alle fall interiøret i Rørstad kyrkje og fiffar opp eit kosteleg, men forsarva krusifiks frå 1200-talet. (Vår noverande biskop Ingeborg Midttømme stod i spissen for å berge dette klenodiet i 1990-åra.)

I Dolstad kyrkje (Mosjøen) gjorde Ole Kolset  i 1763 sitt kanskje mest omfattande arbeid. Han måla korbuen,  altartavla og det eigenarta, store preikestolgalleriet – med bilete av Kristus og alle 12 apostlane på rekkje og rad. Altartavla hans i Dolstad – med Golgata som motiv – vart i 1860 flytta til Grane kyrkje ved Trofors og fortel der sin langfredagsbodskap til folket.

Så finn vi han i 1763-64 i Alstahaug. Her byggjer han ein ny «etasje» på altartavla i legendariske Petter Dass si kyrkje. Motivet er oppstandelsen. Og det er påfallande at Kolset her så å seie kopierer sin læremeister Teilgaards framstilling som vi enno kan sjå på Ålvundeid-tavla!

Bremsnes, Frei – og kanskje Mo
Tilbake på Nordmøre er kan kanskje på ferde i Surnadalen, der Mo-kyrkja i 1767 får altartavle «bekostet af Sognepræst Søren Hagerup». Kunsthistorikar Brodahl skriv at ho minner om tavler av Kolset. Hans kollega Roar Hauglid trur også ho er av Kolset, som her etterliknar Peder «Bildsnider» sin treskjerarkunst. Men Hauglid er lite imponert over denne «klossede efterligning av Kjørsvigs tavletype i Mo kirke».

I 1770 brann Bremsnes-kyrkja. Ole Joensen Kolset utførte både treskjering, relieff og måling på altartavla i nykyrkja året etter. Hovudfeltet her viser nattverden (skjærtorsdag) medan øvste biletet syner oppstandelsen (påskedag). Grynmåla «kolset-søyler» pregar heile det store kunstverket.

Tavla han skar og måla til gamle Frei kyrkje i 1778 er i seinare tid henta fram att og plassert på sideveggen i koret i dagens kyrkje. Igjen er det påskemotiv - korsfestelsen og oppstandelsen – som dannar hovudbileta.

Kunsten fortalte og forkynte
Kanskje virkar nokre av desse bileta «klossete», banale og lite naturalistiske på oss i dag. Figurar og ansikt er gjerne «ukorrekte» fotografisk sett. Mot dette kan vi sette bileta sin funksjon i samtida: Vel skulle dei «staffere» gudshuset. Men i ei tid da mange i kyrkjebenkene var analfabetar og ikkje kunne lesa, måtte kunsten ikkje minst fortelje bibelhistorie! Sjølve uttrykket var viktigare enn det fotografisk korrekte.

Bileta i denne artikkelen viser kanskje litt av dette. På Bremsnes-tavla grip Judas (fremst til høgre) grådig om pengepungen. På langfredagsbiletet i Grane er Jesu mor Maria heilt matt og oppgitt i si sorg, medan disippelen Johannes både der og på Frei-biletet kryssar fingrane i bøn. Om vaktene ved grava fortel Kolset (m.a. på Alstahaug-tavla) at dei både var søvnige, forskrekka og så redde at dei rømte.

Familielykka endte i fattigdom
Ole Joensen Kolset og kona Martha Christophersdatter Wærløf hadde fem born. At fadderane til desse var frå framståande nordmørsfamiliar, tyder på respekt og anerkjennelse. Dessverre døde Martha 42 år gammal (1768). Enkjemannen gifta seg opp att, men – som Bordahl seier: «Hans annen hustru var et troll som tyranniserte ham og barna og ødte hans økonomi.»

Og da den betydelege påskekunstnaren døde 19. november 1789, var han så fattig at borna ikkje hadde nokon arv å dele på.

Men bileta hans kan vi dele og nyte også i dag - 230 år seinare. God påske!

......................

001 KOLSET Bremsnes a_690x933.jpg
Ole Joensen Kolset laga altartavla til Bremsnes kyrkje i 1771. (Foto: Bernt G. Bøe)

002 KOLSET Halsa Per Enge_690x899.jpg
Preikestolen i Halsa er «staferet af Ole Kolsett», viser tidlegare kyrkjetenar Per Enge. (Foto: Bernt G. Bøe)

003 Kolset Nils Erik Østerud og Randi VB i DOLSTAD krk_690x512.jpg
Randi Vetleseter Bøe får omvisning av Nils Erik Østerud, som fortel om Kolstad-kunst i Dolstad kyrkje i Mosjøen. I bakgrunnen litt av det rikt utsmykka preikestolgalleriet. (Foto: Bernt G. Bøe)

004 KOLSET Bremsnes Nattverden_690x499.jpg
Skjærtorsdag: Denne delen av Bremsnes-tavla viser «Nattverden». Vi ser at Judas (t.h.) tek godt tak i pengepungen. (Foto: Bernt G. Bøe)

005 Grane krk KOLSET Tavle frå Dolstad#OK_690x915.jpg
Langfredag: Såkalla «kalvarie-gruppe» på Grane-tavla, opprinneleg frå Dolstad: Maria, Jesus og Johannes. (Foto: Grane menighetsråd)

006 Frei a_690x426.jpg
Nedre del av Kolset-tavla frå Frei gamle kyrkje viser korsfestelsen. (Foto: Bernt G. Bøe)

007 Kolset Frei krk b_690x489[1].jpg
Påskedag: Øvre del av tavla frå gamle Frei kyrkje. (Foto: Bernt G. Bøe)

008 Alstahaug krk KOLSET OPPSTODA#_690x873.jpg
Kolstad-biletet i Alstahaug er slåande likt læremeister Teilgård sitt måleri på altartavla i Ålvundeid. (Foto: Alstahaug menighetsråd)

009 Montasje txt KOLSET_690x442.jpg
Tre Kolset-verk innfelt i landskapet der kunstnaren vaks opp. Husmannsplassen Kråkå låg ved knubben (neset) som stikk fram vest for Kalset midt på biletet. I bakgrunnen: Straumsnes-landet ved Kanestraum. (Fotomontasje: Bernt G. Bøe)