Torsdag
Torsdag Lett snø
Lett snø
Lett bris
Fredag
Fredag Regn
Regn
Laber bris

Påskekonsertar med «Jesu Sju Ord»

I palmehelga får Nordmøre oppleve «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» av Joseph Haydn. KKKK-Festivalkvartetten spelar i Kirkelandet og Aure kyrkjer laurdag 8. april og i Ålvundeid og Øye dagen etter. Bernt Gudrunson Bøe deklamerer si eiga gjendikting av lyrikken bak verket.

I mykje kyrkjemusikk ligg det skjult symbolikk med potensiale til nye opplevingar. Som 7-talet - med sterke referansar til skapingsverkets sju dagar, dei sju bønene i Fadervår, sju altar og sju lam, sju dødssynder og sju gjenoppstadne. Forskarar finn underleg mystikk knytt til dette talet i heile Bibelen.

 

Frå dei fire evangelia

«Jesu Kristi Sju Ord på Korset» er den klassiske samansettinga av Jesu siste tale, henta frå dei fire evangelia: - Fader, forlat dei! – I dag skal du vera med meg i Paradis! – Det er sonen din; det er mor di! – Min Gud, kvifor har du forlate meg? – Eg tørstar! – Det er fullført! – I dine hender overgjev eg mi ånd!

 

Fleire versjonar av Haydn

Haydns tonesetting «Die sieben letzte Worte unseres Erlösers am Kreuze»  finst i ulike utgåver – for strykekvartett, orkester, kor eller klaver. I årets påskekonsertar spelar KKKK-Festivalens kvartett (Sara Övinge, Sara Chen, Anders Rensvik og Ole Eirik Ree). Mellom satsane deklamerer Bernt Gudrunson Bøe si eiga gjendikting av Karl Ramlers dikt «Jesu Tod», som i si tid danna tekstgrunnlag for Haydns eigen korversjon.

 

Uttrykksfull pasjonsandakt

Her er vakker musikk, sterke stemningar og tekster med ettertanke. Du møter den korsfeste saman med røvarane. Du får del i mor Marias fortvilte gråt. Du hører gjenklang av fortvilelsen, klagen, resignasjonen – og håpet. Alt gjennom uttrykksfull tonekunst av klassikkens «Fader Haydn». Ein pasjonsandakt av uvanlege dimensjonar.

 

Mange har komponert «Sju Ord»

«Jesu Kristi Sju Ord» var bruka liturgisk alt i mellomalderen. Seinare er teksten tonesett av ei rekkje komponstar. Vi nemner Schütz (1645), Haydn (1787), Cesar Franck (1859) og frå nyare tid bl.a. russiske Sofia Gubaidulina og vår eigen Knut Nystedt. Men sterkast og vakrast talar kanskje Joseph Haydn.

Haydn (1).jpg

Joseph Haydn tonesette «Die sieben Worte» i fleire versjonar. I palmehelga får vi oppleve verket for strykekvartett og deklamasjon.

Paskekonserter 2017.jpg

 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe.

Tips en venn Skriv ut