Bjørg og Liv_cropped_1024x822

Surnadal Demensforening og Helselag og Pårørendeforeninga for Surnadal Sjukeheim

Pårørendeforeninga for Surnadal Sjukeheim er saman med Surnadal Demensforening og Helselag medlemmer i Trollheimsporten. Vi tok ein tur til Surnadal Sjukeheim for å finne ut kva aktivitetar Pårørendeforeninga driv med, og det fekk vi sjå! I peisestua var det nemleg invitert til underhaldning og dans til levande musikk, noko som tydelegvis var populært. Stadig nye stolar måtte hentast for å få plass til alle som ville vera til stades. Så var det klart for underhaldning og dans, og det var ingen grunn til å sture for den som ikkje lenger kunne eller våga svinge seg ute på golvet. Mange storkosa seg frå tilskodarplass ved å synge med eller berre halde takta og lytte.

 Primus motor for underhaldningskveldane er Bjørg Garte (t.v.). Her saman med leiar i Pårørendeforeninga, Liv Botten. Alle foto: Norunn Holten

- Pårørendeforeninga er "kjempesver", seier ei dame som går forbi oss.

– Dette er gøytt for bebuarane! fortsett ho. -Dagane kan bli lange. Det har blitt ein ny kvardag her på sjukeheimen etter at vi fekk pårørendeforeninga! Dette er sjølvsagt leiar i pårørendeforeninga, Liv Botten, fornøgd med å høyre, for det er jo akkurat auka trivsel for bebuarane som er målet med den aktiviteten foreninga driv. Ho forsikrar oss også om at pengar ein gir til Pårørendeforeninga ikkje går inn i den store potten, men at kvar ei krone går direkte til velferdstiltak for bebuarane på sjukeheimen. Eit eksempel på eit slikt velferdstiltak er altså dans og underhaldning til levande musikk. Denne gongen har dei fått besøk av Rolf Valsø, Gudmund Husby og Rolf Maridal frå Halsa. Dei spelar og syng, og veit tydelegvis kva publikummet på Surnadal Sjukeheim vil ha, for det går ikkje lang tid før mange av bebuarane syng med. Ein kan også merke seg at det er vals og mange av dei raskaste melodiane som fyller dansegolvet best. Gamle perler som Rosa på ball og Drømmen om Elin er høgdepunkt! Her er alle med, kvar på sitt vis. Rullestol er sjølvsagt inga hindring, for her er det også fleire som er flinke til få med seg folk ut på golvet.

Dette betyr ikkje at Pårørendeforeninga ikkje treng fleire folk, for det kunne gjerne ha vore enda fleir som engasjerte seg aktivt. Alle som er pårørande til bebuarar på sjukeheimen, er i utgangspunktet medlemmer og er velkomne til å delta i arbeidet til foreninga. Foreninga har eit styre på åtte personar, som i tillegg også trekkjer inn andre medlemmer når det trengs.

Aktivitetane er mange, og vi vil berre her nemne noko av det arbeidet foreninga gjer. Det blir jamnleg jobba med å skaffe underhaldning til sjukeheimen, og foreninga har som mål at det minst ein gong kvar månad skal vera dans. Dei passar også på at medisinskapet til oversjukepleiar til ei kvar tid inneheld god drikke i fall nokon ønskjer å kose seg litt ekstra ei helg. Kvar 14. dag blir det også levert posar med helgagodt til kvar avdeling, slik som potetgull, brus, sjokolade og liknande. Det blir også ordna med julegåve til alle bebuarar, og det blir kjøpt inn blomster til jul og påske. Til 17. mai blir det planta i bed og krukker ute. Dessutan blir det kjøpt møblar, TV-ar, radioar og liknande når det er behov for slikt . Det seier seg sjølv at det trengs pengar for å få til alt dette, så pengeinnsamling er også ein del av arbeidet til foreninga. I desse dagar gjennomfører dei ein giroaksjon i kommunen for å samle inn pengar til framtidige aktivitetar og velferdstiltak. Liv Botten fortel at aksjonen så langt ser ut til å vera vellykka, for giroane strøymer inn. Det lovar godt for framtida for bebuarane ved Surnadal Sjukeheim! Meir info om giroaksjonen finn du her.

 

Styret i Surnadal Demensforening og helselag og Pårørendeforeninga for Surnadal Sjukeheim 2015:

Liv Botten                          leder

Nils P. Sylte                       nestleder

Borghild Kvande             kasserer

Irene Bolme                     sekretær

Per Holten                        styremedlem

Magna Mo                         styremedlem

Anne Lise Skralthaug    styremedlem

Heidrun Solstad              styremedlem

 

Er du i ei bedrift eller eit lag eller ein organisasjon og vurderer å bli medlem i Trollheimsporten? Klikk her for å lese meir om korleis du blir medlem. Alle medlemmer her.

 

 

 Over: Tre karar som raskt fann tonen med publikum: frå venstre Rolf Valsø, Rolf Maridal og Gudmund Husby.

Under: Artig på dansegolvet i peisestua.