På rundtur langs Søya

Torsdag 7. mai la Stavganggruppa i Surnadal turen til elva Søya i Lykkjebygda. Vi parkerte bilane ved brua nedafor Lia, og vart imponerte over det store flaumsikringsarbeidet som var gjort her. Etter at vi hadde fordøydd inntrykka av dette enorme arbeidet, la vi turen nedover på nordsida av elva mot den prektige Haugafossen. På turen attende til bilane gjekk vi opp på Todalsvegen, kryssa elva ved å gå over brua nedom Haugen og snart var alle 33 attende ved bilane. Vi avslutta som vanleg turen med ein kaffepause.

1_690x428.jpg

Deltakarane samla framom støtta til minne om flomsikringa av Søya i åra 1985 til 1989. I bakgrunnen til høgre ser vi stovehusa og fjøset ”e Trettåñ”.

2_690x406.jpg

Nærbilde av tavla på støtta.

3_690x460.jpg

Søya med Knyken og Skardfjellet i bakgrunnen. Slik ser Søya ut etter flomsikringsarbeidet. Før var elva ei problematisk flaumelv der ho slynga seg frå dalside til dalside, og som gjorde stor skade sidan ho fløymde over store område kvart år. Det hende at tilmed tredje strengen på hesjene kunne bli sett under vatn, og ofte braut ho seg nytt elvefar.

Alt på 1930-talet tok dei til å diskutera kva som kunne gjerast med dette, men utan at dei såg seg i stand til å starta på eit så stort prosjekt.

Det var ikkje før først på 1980-talet at ting tok til å skje. Ved eit samarbeid mellom grunneigarar, kommune og stat vart flaumsikringa av elva gjennomført i åra 1985 til 1989. No er den 7,5 km lange elva korta ned til 5 km. Alt dette for 10 mill. kroner! .

3b_690x460.jpg

Dalføret mellom Kvennbø og Haugafossen er breiare enn Surnadal ovanfor Skei,  og flaumsikring av eit 2700 mål stort område, like stort som Surnadal nedanfor Skei, er gjennomført.

4_690x467.jpg

På tur ned langs nordsida av Søya.

5_690x460.jpg

Kvitsymra har slått ut i full blomst i dei fine ”sommardagane” vi har hatt i det siste.

6_690x1035.jpg

Lars Halle og Olav Øye på tur nedover langs elva.

8_690x459.jpg

Nokre hundre meter nedafor brua på Todalsvegen kjem vi til Haugafossen.

10_690x460.jpg

Vi avsluttar turen med ein kaffepause på nordsida av brua nedom Lia.

 

Neste veke legg vi turen til Halsa. For å unngå kollisjon med opplegg mange har på Kristi Himmelfartsdag, flyttar vi turen til onsdag (13. mai) denne veka. 

Turen går frå Felleskjøpet i Halsa til Megardsvatnet. Frå Skei køyrer vi i retning Halsa, og i Betnakrysset svingar vi til venstre i retning Halsa fergekai.  Vi kjem fram til Felleskjøpet etter ca. 2 km. Ein person står ved vegen. Her parkerer vi bilane og går opp til Grillhuset ved Megardsvatnet der vi tek matpausen. Her er det mange sitteplassar.

 

Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge.